Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil ha tilskot for å byggje mindre fjøs

Odd Bjarne Bjørdal (49) i Ørsta har valt billege fjøsløysingar for både sau og kjøttfe. Det er han glad for i dag.

Nye mindre fjøs: Odd Bjarne Bjørdal har 29 morsdyr av Hereford og Dexter. Han tek til orde for ei støtteordning som sikrar byggjing av nye fjøs på Vestlandet og i Nord-Norge. (Foto: Lars Olav Haug)

Bjørdal er forkjempar på sin hals for vestlandslandbruket. Han er einig i at det skal byggjast nye fjøs fordi det er marknad for meir storfekjøt, men rykande ueinig i at dei vert bygde i kormområda på Austlandet.

– Det blir bygd for lite på Vestlandet fordi det ikkje er økonomi i å reise mindre fjøs tilpassa arealgrunnlaget. Vi må få ei støtteordning som sikrar byggjing av nye fjøs på Vestlandet og i Nord-Norge, og auke driftilskot for dei same områda, seier Bjørdal.

Fare for overskot

– Arealtilskotet er fjerna for gras i sone 0, men likevel blir det dyrka meir gras enn nokon gong. I tillegg brukar storfebøndene halm og kraftfôr. Kvalitetstilskotet O+ på slaktet bidrar til dette. Vi må få tak på tilskotet og stimulere til å byggje mindre fjøs. Dei store storfefjøsa det er ressursgrunnlag for, er allereie bygd på Vestlandet og i Nord-Norge, kanskje fleire enn det er grunnlag for også. Landsdelane har ein topografi og eit klima som avgrensar produksjonen, poengterer Bjørdal.

– Fryktar du overskot av storfekjøt?

– Faren er der. Dersom forholda blir lagt til rette for at folk får ture fram med stofe i store fjøs, i område der dei ikkje skulle vore, bør det innførast tak på kor mykje tilskot ein kan få samla for husdyr- og slaktetilskot. I 2020 blir produksjon av Jarlsbergost for eksport borte, og nokon spekulerer i at det vil føre til færre kalvar frå mjølkebesetningar. Men det kan hende mjølkebøndene reduserer ytelsen og held på mengd dyr for å selje kalvar og slaktedyr, seier Bjørdal.

Trur på samvirket

49-åringen prioriterer organisasjonsarbeid og ivrar for samvirketanken. Han sit i styret i Møre og Romsdal Bondelag, er kretsleiar i Nortura, og tidlegare leiar i fylkeslaget av Sau og Geit. Han er og medlem i Tyr.

Odd Bjarne har drive med sau på garden til onkelen i Bjørdalen sidan han var 15. I 1992 kjøpte han ein annan gard på Eide, 5 km unna, og budde der til 2007.

Då hadde han flytta sauene til Samundegarden i Bjørdalen, der han bur. I dag driv han fôrproduksjon på Eide, husa er skilt frå og selde.

Moderniserte sauefjøset

– Garden i Bjørdalen sto føre modernisering i 2007, men eg fekk ikkje lån utan å eige. Innovasjon Norge sa ja til å støtte utbyggjing av eit fjøs til 300 sau, men eg måtte vente til året etter av di pengane det året var brukt opp. Men det golvet eg brukte var so oppbrukt, at eg måtte gjera noko det året. Eg valde då å byggje om det gamle kufjøset, seier Bjørdal.

Arbeidet starta i august, og i oktober flytta sauene inn.

Sau best i kombinasjon

Odd Bjarne Bjørdal har meint i mange år at ein må ha eit visst mengd dyr for å leve av det.

Annonse

– Det har vore nokon vanskelege år med sau, og no slår liberaliseringa til regjeringa ut. Mange faktorar spelar inn og gjer det vanskeleg å ha sau som yrke for heile familien. Sauen gjer seg best i kombinasjon med annan husdyrproduksjon eller anna arbeid.

– Drivkrafta i dag er mykje tilskot utan tak. Det stimulerer til å byggje stort, og dei som har drive med 50–70 sau på lite tungdrive areal må gje seg. Desse areala går ut av drift, og eg fryktar at produksjon av mat på norske ressursar går ned.

Avgrensing

– Kiloprisen til bonden har gått ned med 10–12 kr på to år. Samstundes er marknaden vanskeleg med berre tre butikkjeder. Potten til sauenæringa aukar neppe. Dei store vinn og dei små taper. Vi må ha stimuli for å få med dei mindre vidare. Dei er viktige, mellom anna i værringar og avlssamanheng. Det kan og vere sunt for dei som har bygd stort om prisen kjem opp, og dei må redusere litt.

Tak på husdyrtiskot og slaktetilskot, der dei første 100 sauene har mest tilskot, og ikkje tilskot over 200 sau, vil styrkje dei små og mellomstore besetningane, meiner Ørsta-bonden.

– Det vil også dei store tene på over tid. Resepten er ikkje å kutte tilskot for å vedlikehalde fjøsa eller modernisere sauebruk. Vi må stoppe nyetablering til vi har ein normal produksjon. Det var feil å auke kravet til O+ av omsyn til dei lette rasane, meiner Odd Bjarne.

– Det er tungt med dagens regjering, men det kjem tider etter dette. Vi må ha regulering, sosialisme med litt kommunisme er fint i landbrukspolitikken, seier han med glimt i auge.

Driv fleire bruk

Han drifter seks bruk i tillegg til Samundegarden og garden på Eide, som er på 100 dekar dyrka jord pluss beite til saman. 30 prosent av sauene og alt storfe beiter i utmarka som han disponerer saman med naboane.

I tillegg leier og låner han utmarksbeite tre andre stader, bl.a. i Hjørundfjorden. Dit er han avhengig av ferje med to daglege anløp, så heile dagen går med når han skal sjå til dyra. Lokale folk driv tilsyn og.

Går på lommeboka

– Eg skulle vore ein vinnar med tilskot på sau og ammekyr, men stadig meir går til store bruk, seier han.

Ørstabonden er lik bøndene sørover Vestlandet, og dei om lag 180 bruka i Ørsta har i snitt mista 40 000 kroner i tilskot til saman for åra 2016 og -17.

Meir enn sju millionar er tapt til andre delar av landet kor det er grunnlag for å drive større. I 2015 fekk vi ein god pris for lamma, men i 2016 og -17 gjekk kjøtprisen mykje ned. Storfekjøt er litt opp.

– Overproduksjon går direkte på lommeboka. Med avgrensing i produksjonen kan vi få igjen balansen, alle vil tene på det. Men eg er glad eg har bygd billeg for både sau og ammeku, seier Odd Bjarne Bjørdal.

Les heile saka om Odd Bjarne Bjørdal i Bondebladet denne veka.

Neste artikkel

Slik skal Nortura komme seg ut av krisen