Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil auke innsatsen mot skrantesjuke

Regjeringa gjer framlegg om å auke løyvinga til Mattilsynets arbeid med skantesjuke/CWD med 15 millionar kroner.

Fra uttak av villrein første dag av statlig felling. Foto: Petter Braaten, Statens naturoppsyn/Miljødirektoratet

Den ekstra løyvinga skal gå til arbeidet med smittesikring i Nordfjella sone 1 etter at all villreinen i området er felt, melder regjeringa.no.

I revidert nasjonalbudsjett blir det også løyvd pengar til overvaking av sjukdommen i resten av landet.

Avgjerande med friske dyr

Skrantesjuke, eller Chronic Wasting Disease (CWD) er ein prionsjukdom som liknar skrapesjuke hjå sau eller kugalskap, der feilfolda protein hopar seg opp i hjernen og fører til store lidingar og død for dei dyra som blir ramma.

Annonse

− Det er no gjort eit omfattande arbeid med å kartlegge utbreiinga av skrantesjuke/CWD, og all villreinen i Nordfjella er felt. Dersom vi skal lukkast med ei trygg reetablering av frisk rein i dette området, må vi forsikre oss om at vi har friske dyr å rekruttere frå, og at vi har best mogleg kontroll på kvar smittestoffet er, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Felt over 2100 reinsdyr

Då CWD vart oppdaga i Noreg av Veterinærinstituttet i fjor var det første tilfellet i Europa, og det vart sett i gong omfattande prøvetaking av norske hjortedyr (elg, villrein, tamrein, hjort og rådyr).

I Nordfjella sone 1 er det felt i overkant av 2100 reinsdyr. Av desse vart meir enn 1400 dyr felt i statleg regi sist vinter.

Det vart påvist 19 tilfelle av skrantesjuke. Området skal nå haldast fritt for villrein i minimum fem år. Deretter er det planen å reetablere ein frisk og stadeigen villreinbestand i Nordfjella.

Neste artikkel

EU trapper opp skrantesyke-kampen