Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Store forventningar til nye reguleringstiltak

– Norsvin er positive og har store forventingar til det staten seier om marknadsregulering på svin, seier Geir Heggheim, leiar i Norsvin.

Norsvin etterlyser gode reguleringstiltak. – Med dagens marknadssituasjon er vi ekstremt sårbare når det gjeld kostnadsvekst, fordi vi ikkje er i stand til å få tatt ut auka pris i sluttmarknaden. (Foto: Leif Bruntveit)

Statens forhandlingsutval foreslår at partane i forhandlingane drøftar tiltak som kan bidra til å handtere den aktuelle marknadssituasjonen.

Norsvin meiner dette, særleg med tanke på siste svineprognose frå Nortura, er svært viktig.

– Det er det aller, aller viktigaste no. Vi må få på plass nye verktøy for å handtere denne situasjonen. Ein må inn tidlegare og bruke purker som reguleringstiltak. Me må få til ordningar som hindrar at smågrisen blir produsert. Det vil jo vere mykje meir kostnadseffektivt enn å regulere bort ferdig produsert svinekjøt, seier Norsvin-leiaren.

Mindre buffer enn før

I WTO avtalen har Norge moglegheit til å eksportere svinekjøtt, noko som fungerer som ein buffer mot overproduksjon. Denne bufferen er likevel blitt mindre enn han var.

– Den såkalla Nairobi-avtalen førte til at Norge sin eksportkvote er på knapt 1900 tonn, mot 3500 tonn i den tidlegare WTO-avtalen. Det er mykje svinekjøt, og desse kiloa må få plass i den norske marknaden.

Budsjettnemnda for jordbruket har anslått at pristapet på grunn av overproduksjon av svin, sau/ lam og egg er på 348 millionar kroner.

Annonse

– Heile denne prisveksten legg staten til grunn skal takast ut i marknaden i 2019, og det er med er med på å skape forventningar. Me må få til ordningar slik at det blir moglegheiter til å få gjennomført dette, seier han.

Store kostnader

Norsvin er òg positive til at ein vil auka avløysartilskotet. Dei er mindre nøgde med prisauken på kraftfôr som er sett til 4,5 øre per kilo.

– For svinebønder betyr dette ca. 20 øre i meirkostnader per kilo produsert svinekjøt. Det er det siste me treng no, fordi me har hatt kostnadsauke på mykje anna, blant anna gjødsel og diesel. Dette gjeld sjølvsagt for andre bønder òg, seier Heggheim.

Med den siste prognosen for svinekjøt, ligg svinebøndene 80 øre under målpris per kilo for heile 2018.

– I tillegg må me betale 1,20 kroner i omsetningsavgift per kilo svinekjøt me slaktar. Med balande i marknaden kunne me tatt ut 80 øre meir per kilo, i tillegg kunne me redusert omsetningsavgifta frå 1,20 kroner til 0,70 kroner. For ein gjennomsnittleg svineprodusent, med 100 tonn i året, blir dette 120 000 kroner. Det er mykje pengar, seier Heggheim.

– Med dagens marknadssituasjon er vi ekstremt sårbare når det gjeld kostnadsvekst fordi vi ikkje er i stand til å få tatt ut auka pris i sluttmarknaden. Det siste året har me hatt større prisvekst på kraftfôr, ikkje på grunn av jordbruksavtalen, men på grunn av auka prisar globalt på mellom anna proteinråvarer. I tillegg har me hatt kostnadsauke på mykje anna, blant anna gjødsel og diesel. Dette gjeld sjølvsagt for andre bønder òg, seier Heggheim.

Neste artikkel

Engangspurkeutredning klar