Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sogn og Fjordane passerer 100 mjølkerobotar

I løpet av januar 2018 får Sogn og Fjordane sin mjølkerobot nummer 100.

Alva Samdrift DA i Stryn startar opp i det nye mjølkefjøset om vel 14 dagar. Då flyttar rundt 170 dyr inn. (Foto: Johan Berge)

I Oppstryn byggjer Alva samdrift nytt stort mjølkefjøs med plass til full framfôring av alle ungdyra.

Fjøssystemer har levert bygg og all innandørs mekanisering i fjøset, inkludert Lely mjølkerobot og fullfôrmiksar med bandfordelar for utmating.

Når fjøset kjem i drift, er dette mjølkerobot nummer 100 i fylket.

– Vi flyttar inn alle dyra om ca 14 dagar. Det blir rundt 170 dyr med smått og stort, fortel Aamund Berge, ein av dei tre mjølkebøndene i samdrifta.

Dei to andre er Johan Berge og Per Ivar Skåre.

– Vi har kvote på ca 600 000 liter til saman, og legg opp til maksimal utnytting av mjølkeroboten i det nye fjøset, fortel Aamund Berge.

– Veldig spennande

Dei starta forsiktig planlegging sommaren 2016, men det var fyrst i 2017 at det vart fart i planane om samdrift og nytt fjøs.

– Det er veldig spennande og mykje å halde styr på. Vi har fått full støtte frå Innovasjon Norge i fylket til det nye fjøset, to millionar kroner, og det betyr mykje for oss, seier Johan Berge.

I fjøset kjem det velferdsavdeling, kalvings- og utskillingsbingar og sinkuavdeling. Det er lagt opp til fleksibel løysing mellom mjølkeku og sinkuavdeling, der ein enkelt kan inkludere fleire i mjølkeavdelinga.

Annonse

Mjølkerobot eller ikkje, var aldri noko diskusjonstema.

– Roboten gjer at vi er meir fleksible på tid. Vi har mindre stillingar alle tre, utanom samdriftsfjøset, og fjøsarbeidet har vi fordelt ut frå samdriftsavtalen vår, seier han.

Johan Berge og Per Ivar Skåre driv med sau i tillegg til mjølkeproduksjon.

120 nye mjølkefjøs

På 10 år er det bygd kring 120 nye mjølkefjøs i Sogn og Fjordane og no går over 40 prosent av mjølkekyrne i lausdrift. I 2017 vart det gitt støtte til bygging av fjorten nye kufjøs – tolv for ammeku og tolv nye sauefjøs i fylket.

Dei nye fjøsa rommar til saman 570 mjølkekyr, 276 ammekyr og 1800 sau, og her kan ein produsere kring fem millionar liter mjølk, over 100 tonn storfekjøt og kring 50 tonn lammekjøt. skriv Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.

– Det har vore ei kolossal utvikling innanfor mjølkeproduksjonen, med robotar og omlegginga frå båsfjøs til lausdrift. Det er styrande for det som skjer, og mjølkerobot er blitt ein viktig del av det å kunne satse vidare for dei unge, seier Landbruksdirektør Christian Rekkedal i Sogn og Fjordane.

Sauefjøs med storbingar

Dei nye sauefjøsa vert bygde med «storbingar». Dette er eit nytt system der opp til 80 dyr går i lag i ein binge.

Nye sauefjøs er viktig for å halde opp sauetalet og ta vare på kulturlandskapet i fylket. Nedgangen i sauetalet har no stoppa opp, og det siste året har det vore ein liten auke, skriv Fylkesmannen.

Satsinga på ammeku starta i 2016 og på to år er det bygd kring 300 nye kuplassar fordelt på tretten nye fjøs. Dette har vore viktig for å utnytte grasareala i Sogn og Fjordane og å produsere nok norsk storfekjøt.

Neste artikkel

Fikk innspill om hvordan styrke norsk melk