Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Skuffa over regjeringa

Ingen vilje til å satse på norsk landbruk, meiner bondelagsleiar Lars Petter Bartnes og fylkesleiar Anders Felde.

Lars Petter Bartnes er skuffa over landbruksbiten i den nye regjeringserklæringa. – Dette gir den motsatte effekten av kva regjeringa hevder er målet deira, seier Bartnes. (Arkivfoto)

– Dette gir den motsatte effekten av kva regjeringa hevder er målet deira. Vi treng ei regjering som vil satse på landbruket som ei framtidsnæring. Då må regjeringa vise vilje, og ha ein politikk, for å utnytte alle dei gode moglegheitene i jordbruket over heile landet, sier Lars Petter Bartnes, leiar i Norges Bondelag.

Regjeringserklæringa er veldig lite offensiv på vegne av ei næring som bidrar til trygg mat, kulturlandskap, sysselsetting og busetting over heile landet, meiner Bartnes.

– Det virker som dei tre partia ikkje har fått med seg at dette er ei hovudnæring i distrikts-Norge, og at matindustrien er Norge sin største fastlandsindustri, seier Bartnes.

Skuffa over Venstre

– Eg hadde ærleg talt forventa meir frå partiet Venstre i landbrukspolitikken enn avvikling og kostnadsauke, seier fylkesleiar Anders Felde til bondelaget.no.

Fylkesleiaren meiner situasjonen er verst for dei små og mellomstore bruka.

Annonse

– Alle som kan litt landbrukspolitikk veit at norsk jordbruksproduksjon vil vere svært avhengig av budsjettmidlar for å kunne utjamne for storleik og driftsulemper, seier han.

Nok av utfordringar

Marknad og liberalisering er ikkje løysinga for eit landbruk over heile landet, meiner fylkesleiaren.

– Når Venstre, Høgre og Frp i regjeringsærklæringa også vil avvikle pelsdyrnæringa, innføre CO2 avgift for alle sektorar, som gradvis skal aukast, samt redusere verktykassen i å liberalisere eigedomsregelverket enno meir, då vert det ikkje mykje å juble for. Eg er skikkeleg arg, men eg må berre la det bli til positiv energi og pågangsmot, seier Felde.

Felde meiner regjeringsplattformen vil gi mange utfordringar for tillitsvalde i Bondelaget framover.

Neste artikkel

Reiten: Viser betydningen av KrF