Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Færre kumjølkvotar vart selt til staten

Rundt 4,2 millioner liter kumjølkkvote vart selt til staten i 2017. Det er ein nedgang på 17,8 prosent frå 2016.

Det var berre åtte sal på tvers av fylkesgrensa i dei nye produksjonsregionane, kor fem sal gjekk frå Sør-Trøndelag til Nord-Trøndelag. (Arkivfoto Bondebladet)

I 2017 vart om lag 4,2 milll liter kumjølkkvote selt til staten for 10,6 millionar kroner. 16,8 millionar liter vart omsett i den private marknaden, melder Landbruksdirektoratet.

Statistikken for sal viser at det er selt flest mjølkekvotar i Trøndelag, Rogaland og Nordland, mens det ble selt minst i Telemark og Finnmark.

Det var berre åtte sal på tvers av fylkesgrensa i dei nye produksjonsregionane, kor fem sal gjekk frå Sør-Trøndelag til Nord-Trøndelag.

Færre delsal av  kvoten

Om lag 15 prosent av seljarane har selt delar av kumjølkkvoten i 2017 mot 17 prosent i 2016. Den gjennomsnittleg salsmengda gjekk ned då det vart opna for delsal i 2012.

Annonse

Salsmengda per seljar vart redusert frå 90 000 liter i 2011 til 87 500 liter i 2012. I 2015 var den gjennomsnittleg salsmengda på same nivå som i 2012, medan den for 2017 er om lag 84 000 liter.

Fra 18 til 14 regionar

I jordbruksoppgjeret 2017 vart det bestemt at talet på produksjonsregionar i kvoteordninga for mjølk skulle reduserast frå 18 til 14.

Dette skulle skje frå og med omsetningsrunden 2017 for kvoteåret 2018. I tillegg vart det bestemt at kumjølkkvoter selt til staten skulle bli inndratt, og derfor har det ikkje vore mogleg å kjøpe mjølkekvote frå staten i år.

Neste artikkel

Melkeprodusenter risikerer 2,4 millioner i bot