Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ny blautråtebakterie oppdaga

Forskarar ved Nibio har funne ein ny og potensielt meir aggressiv blautråtebakterie.

Stengel- og blautråte fører til store tap for potetbønder i heile Europa. (Arkivfoto)

Dei siste åra har det blitt oppdaga nye arter av blautråtebakteriar mange stader i verda. Artane har vore meir aggressive enn det ein har sett tidlegare, skriv nibio.no.

No har forskarar ved Norsk institutt for bioøkonomi (Nibio) oppdaga ein til no ikkje omtala art av blautråtebakterier som heiter Pectobacterium polaris.

Nye og meir aggressive artar

– Stengelråteproblema i Noreg har blitt større dei siste fem–ti åra. Nye og meir aggressive artar har kome til. Vi fekk for ei tid tilbake inn prøvar frå ein åker der det hadde vore eit spesielt kraftig angrep av blautråte. Frå desse prøvane isolerte vi ein til no ukjent art av blautråtebakterien, seier forskar May Bente Brurberg ved Nibio.

Ho fortel at bakterien mellom anna også er registrert i Nederland, men at det er fyrst no han har fått eit namn.

Annonse

– Elles veit vi lite om han og i kor stort omfang han er til stades i Noreg. Men ei årsak til at blautråte er så vanskeleg å nedkjempe, kan vere at det er eit større artsmangfald enn vi har vore klar over. Per i dag har vi ikkje god nok oversikt, og vi veit lite om kor vidt dei forskjellige bakteriane bør nedkjempast på same måten eller ulikt, seier Brurberg.

Frå råte i morknollen

Blautråte og stengelråte vert forårsaka av bakteriar i slektene Pectobacterium og Dickeya.

Stengelråte utviklar seg vanlegvis frå råte i morknollen og karakteriserast av slimete, blaut råte ved stengelbasis.

Kjenneteikn på blautråte er kremfarga til lys brun råte i knollane. Ein brun eller svart kant markerer ofte overgangen til friskt vev. Råta er svært illeluktande.

Neste artikkel

Dyrker poteter som perler på en snor