Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Meiner framtids-bonden treng fagbrev

Rogaland bygdeungdomslag vil ha fagbrev inn i landbruket.

Med fagbrev, vil statusen til landbruksutdanning og bondeyrket aue, meiner NBU. Her frå eit tidlegare landsstevne i NBU. Foto: Bondebladet

– Me trur at utdanninga og yrket vil få meir status i samfunnet med eit fagbrev, seier bygdepolitisk nestleiar Ida Marie Bollestad i Rogaland bygdeungdomslag.

Rogaland blir i ei rekke samanhengar kalla matfylket i landet. Landbruksnæringa i fylket består av om lag 5 300 gardsbruk, noko som utgjer 10 000 årsverk. På same tid hadde ikkje Øksnevad vidaregåande skule nok søkarar i 2017 til å danne ein klasse på Vg3 Landbruk, agronom.

– I dagens skulesystem går ein eit treårig løp på naturbruk for å bli agronom. Etter bestått eksamen får ein eit kompetansebevis som stadfesting på fullført utdanning. Dette kompetansebeviset får ein i andre fagutdanningar etter å ha fullført VG2 og er klar til å gå ut i lære hjå bedrifter, men her betyr det ikkje at ein er utdanna. Dette er ikkje logisk, seier Bollestad.

Bygdepolitisk nestleiar i Rogaland bygdeungdomslag. Foto: Privat

Pilotprosjekt i Vestfold

Ved nokre utvalde skular i landet, blant anna på Melsom vidaregåande skule i Vestfold, har det blitt gjennomført eit pilotprosjekt med fagbrev i agronomi. Her har elevane gått identisk læreløp som ved andre fagbrevutdanningar.

Med to år på skulebenken og toårig læretid i forskjellige bedrifter, gjekk dei opp til fagprøve og fekk fagbrev som agronomar. Responsen frå prosjektdeltakarane i Vestfold var bra, men prosjektet blei likevel ikkje vidareført, skriv Rogaland bygdeungdomslag.

– Melsom vgs. søkte til Utdanningsdirektoratet om vidareføring av prosjektet to gonger, men fekk avslag. Dei siste pilotprosjekt-deltakarane går opp til fagprøve våren 2019, og det vil etter kvart komme ein rapport frå alle dei fire utvalde fylka som var med i prosjektet.

Får studiekompetanse på Naturbruk

– Rogaland Bygdeungdomslag meiner det er for gale at Øksnevad vgs., midt i matfatet, ikkje har nok søkarar til å fylle ein klasse Vg3 Landbruk. Me har vore i kontakt med skulen, og dei skriv at fleire av elevane deira vel Vg3 Naturbruk i staden for Vg3 Landbruk, agronom. Dei trur at årsaka kan vere at ein på naturbruk får generell studiekompetanse og dermed har moglegheit til å søke høgare utdanning.

Annonse

– Vel ein å gå landbruk, får ein verken studiekompetanse eller fagbrev. Dette gjer ein mindre attraktiv på jobbmarknaden fordi næringslivet ofte spør etter fagbrev eller generell studiekompetanse.

– Kan Øksnevad vgs. gjere meir for å få fleire til å velje Vg3 Landbruk?

– Me er ikkje heilt oppdaterte på kva Øksnevad gjer i dag for å rekruttera elevar til linja. Me trur det viktigaste dei kan gjere er å fokusere på dei moglegheitene ein i dag har ved å gå Vg3 Landbruk, agronom. Trass i at ein ikkje får fagbrev eller studiekompetanse, har ein den same retten til å gå påbygg etter Vg3 som dei som har fått fagbrev i andre utdanningar. Då vil ein etter fire år ha generell studiekompetanse og kunne søkje seg vidare til høgare utdanning.

– Det er veldig synd at agronomutdanninga gjev så få moglegheiter som ho gjer. Skulen bør leggje vekt på kva arbeidsmoglegheiter ein har med treårig agronomutdanning.

Vil gje betre rekruttering

– Det er mange som har etterlyst fagbrev. Kva kan organisasjonane i landbruket gjere for å få til dette?

– Dei må ta innover seg at eit fagbrev vil føre til auka status, og meir rekruttering. Det er viktig at me kan arbeide i lag for å løfte kompetanseønsket.

Ho peikar på at alle organisasjonane må ta eit ansvar for å få fagbrev i næringa. NBU har, gjennom eit samarbeid med FK Agri og McDonald’s Norge, arbeidd for å auke rekrutteringa til «grøne utdanningar». Liknande rekrutteringsprosjekt kan føre til auka interesse og engasjement rundt fagbrev i landbruket, meiner det.

Rogaland bygdeungdomslag vil ha ei endring av regelverket.

– Me trur at om det kjem fagbrev inn i landbruket, vil talet på ungdommar som vel utdanninga stige. Me får mindre ufaglærte bønder, og kompetansen vil dermed verta høgare enn han er i dag. Dermed trur me at utdanninga og yrket også vil få meir status i samfunnet. Ved å innføre fagbrev, kan agronomane endeleg få eit fagbrev å henge opp på veggen heime, og ikkje eit kompetansebevis som blir liggande i ei skuff, seier Ida Marie Bollestad.

Neste artikkel

– Framtidsbonden treng fagbrev