Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mange får støtte til gjødselkummar i Rogaland

69 bønder har fått tilskot til å byggje ny gjødselkum i 2018.

Mange bønder fekk problem med overfylte gjødsellagre etter det vanskelige veret i 2017. (Foto: Iver Gamme)

Den vanskelege vekstsesongen i 2017, og Innovasjon Norge si mellombelse tilskotsordning, har fått fart i byggjinga av nye gjødselkummar.

Til saman er det løyvd 7 360 000 kroner i tilskot, skriv Fylkesmannen i Rogaland.

Blir alle kummane bygde, vil det gi ein kapasitet på 120 000 m3, nok til huse gjødsla frå over 4000 kyr i ti månadar.

Kan komme oftare

I følge Meterologisk institutt har nedbøren i Noreg auka med 20 prosent sidan 1900, og estimat viser ytterlegare auke frå 10 til 20 prosent fram mot slutten av århundret.

Det blir fleire dagar med regn, og meir intens nedbør. Landbruksnæringa må derfor ta høgde for fleire sesongar som i 2017, skriv Fylkesmannen.

Annonse

Eiga tilskotsordning

Partnarskapen i Rogaland med Innovasjon Norge, Rogaland fylkeskommune, faglaga og Fylkesmannen vil i næraste framtid ta stilling til om bygging av gjødsellager skal kvalifisere for ei tilskotsordning som blir meir permanent.

Vekstsesongen 2017 gav ein klar peikepinne på at god lagerkapasitet for husdyrgjødsel er heilt sentralt.

Meir pengar til sikring

Landbruket må førebu seg på at klimaendringane vil gi røffare forhold og meir skadar framover, både i form av erosjon, reduserte avlingar, køyreskadar, sjukdommar mm.

I tillegg må mange kommunar sikre betre mot flom og ras. Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) slår fast at det trengst 2,5 milliardar kroner til flom- og rassikring i til saman 70 kommunar i Norge.

Neste artikkel

Mange bønder i Innlandet er optimister