Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fryktar konfliktar mellom folk og fe

Fleire kyr og kalvar, samt ferske ammekubønder, kan gi fleire ubehagelege møter i naturen.

Tyr sitt råd til folk som møter på beitande storfe, er å opptre roleg, vise omsyn og halde avstand til dyra. Foto: Linda Sunde

Mange stader rundt om i landet ferdast no kyr, kalvar og turgåarar på dei same beita. Av og til oppstår det situasjonar der kyr blir aggressive mot store og små tobeinte, og særleg mot deira firbeinte turkameratar.

Den som slepp dyr på beite har sjølvsagt eit ansvar for dyra sine, og det er viktig at dyr som har vist avvikande åtferd, anten i fjøs eller på beite, ikkje skal ut der dei kan treffe på turgåarar.

Som bonde må ein ta utgangspunkt i at den allmenne kunnskapen om dyr er noko avgrensa hos folk flest. Derfor oppfordrar Tyr både bønder og turgåarar om å skaffe seg meir kunnskap om korleis me unngår uønskt situasjonar mellom menneske, ammekyr og kalvar.

Folk skal vere klar over at ammekyr i utgangspunktet ikkje er aggressive, men at instinktet til kyr som føler at kalven er truga gjer at dei kan bli aggressive. Kor sterkt dette instinktet er, varierer frå ku til ku, og det spaknar gjerne jo eldre kalven blir.

Annonse

Mest beskyttande er kua overfor rovdyr, og hundar vil ofte bli oppfatta som rovdyr.

Det er svært viktig å halde hundar i band når ein går blant beitande dyr, men dersom ei eller fleire kyr opptrer trugande skal ein sleppe hunden. Då vil hunden få ein sjanse til å stikke frå kyra, og samstundes vil kyra vere meir interesserte i å jakte hunden enn å angripe menneske.

Tyr sitt råd til folk som møter på beitande storfe, er å opptre roleg, vise omsyn og halde avstand til dyra. Sjølv om dyra er rolege, skal ein ikkje oppsøke eller gå mellom dyra, og ein skal særleg passe seg for å ikkje komme mellom kua og kalven hennar.

Neste artikkel

Mener regjeringen følger opp rovviltforliket