Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Driftsgranskingane: Mest til gris + korn

Kombinasjonen korn og svin med størst framgang.

Gode prisar på svinekjøt, bra avsetnad i marknaden og volumauke per bruk, er ein viktig del av forklaringa på at bønder som kombinerer svin og korn fekk ein framgang på 15 prosent. (Foto: Dag Idar Jøsang)

Dei store linjene for 2016 er framgang for mjølk og svin, og nedgang for sau og korn. Det er likevel stor variasjon i inntektene mellom ulike driftsformer, skriv Nibio.

– Etter to svært gode år med stor auke både i 2014 og 2015, er det positivt å kunne vise til ein viss auke i inntektene også i 2016, seier seniorrådgjevar Torbjørn Haukås i Nibio.

Driftsgranskingane omfattar rekneskapstal frå 908 bruk fordelte over heile landet. Haukås er ansvarleg for driftsgranskingane.

Stor nedgang i korn

– Den gjennomsnittlege kornbonden fekk ein inntektsnedgang på 29 prosent i 2016 samanlikna med 2015. Da bør det samstundes seiast at både 2014 og 2015 var svært gode kornår, seier Haukås.

– Til sjuande og sist er det jo vêr og vind som avgjer mykje av avlingsnivået, legg han til.

Produsentane av svinekjøt, og dei som driv med både korn og svin, gjorde det best totalt sett i 2016. 

Bønder som kombinerer svin og korn fekk ein framgang på 15 prosent i 2016. Det gav 511 100 kroner per årsverk.

Jærbøndene til topps

Bøndene på Jæren oppnådde høgast jordbruksinntekt i landet, med åtte prosent auke i 2016 og ei gjennomsnittsinntekt på 400 200 kroner.  For landet samla vart middelinntekta 332 800 kroner.

– Jærbøndene er store på mjølk og svin, to produksjonar som begge utvikla seg positivt i 2016. Det forklarer mykje av framgangen, seier driftsgranskaren.

Saman med bøndene på Jæren er bøndene på flatbygdene på Austlandet dei som tener mest. For desse vart det likevel ein nedgang på seks prosent samanlikna med året før, mest grunna nedgang på kveite. Årsinntekta vart 374 600 kroner per årsverk.

– Sjølv om utviklinga varierer mellom produksjonar og regionar, var inntektsutviklinga i 2016 jamnare fordelt på bruk av ulike storleikar enn i 2015. Førre året fekk dei store bruka klart størst framgang, seier Haukås.

Annonse

Bartnes: Dårlegare enn forventa

– Inntektsveksten vi ser i driftsgranskningane er svak og noko dårlegere enn forventa. Dette skuldast blant anna at fleire produksjonar, særleg sauenæringa, slit med overproduksjon, seier bondelagsleiar Lars Petter Bartnes.

Overskot innafor produksjon av sau og lam er svært krevende og gir negativ inntektsutvikling for sauebonden, meiner Bartnes.

– Dette er eit sterkt signal til regjering og storting om at det framleis er behov for gode verktøy for marknadsregulering, seier han.

Vestlandet med ca 300 000 i snitt

På Vestlandet fekk både mjølke- og fruktbøndene betre resultat enn  året før, medan sauebøndene opplevde nedgang.

Gjennomsnittsinntekta til Vestlandsbonden vart 297 000 kroner, skriv Nibio.

I Nord-Noreg var det også framgang for mjølk, medan sauehald gjekk tilbake. Middelinntekta vart omtrent uendra.

Etter eit svakt avlingsår i 2015, viste Trøndelagsjordbruket god framgang i 2016, og oppnådde 344 500 kroner i jordbruksinntekt.

Høgare prisar på storfekjøt og mjølk forklarer mykje av framgangen.

Gjelda auka

Gjennomsnittleg nettoinvestering per bruk auka frå 127 800 kroner i 2015 til 150 700 kroner i 2016, ein auke på 18 prosent.

Det er framleis høgt investeringsnivå, og det er dei store bruka som investerer mest.

Gjelda auka med 6 prosent i snitt per bruk. Gjeldsdelen var 47 prosent i 2016, det same som året før, skriv Nibio.

Neste artikkel

Vil ikke endre loven