Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Dreneringa skaut fart i Rogaland i 2017

Fleire våte vekstsesongar og ei dobling av dreneringstilskotet har fått fart på dreneringa i Rogaland.

I 2017 vart 7,7 millionar kroner i dreneringstilskot fordelt på 336 søkarar i Rogaland. Arkivfoto av grøfting med Rådahlshjul.

Tilskot til drenering blei innført i 2013 etter mange års krav frå næringa. Det var likevel dårleg oppslutning rundt løysinga dei fyrste åra.

Årsaka var i første rekke at tilskotssatsane var for låge i høve til kostnadane, skriv Fylkesmannen i Rogaland.

Fekk 3 mill ekstra

Hausten 2017 fekk landbrukskontora i Rogaland det særs travelt med å handsame ein markant auke i søknadar.

Rogaland hadde 5,4 millionar kroner i dreneringstilskot frå 2016 disponible, men desse blei raskt brukt opp. Landbruksdirektoratet overførte 3 millionar kroner ekstra til Rogaland.

Annonse

Ved utgangen av 2017 var 7,7 millionar kroner i dreneringstilskot fordelt på 336 søkarar. Dei samla løyvingane i 2016 var på 0,781 millionar fordelt på 55 søkarar.

NLR Rogaland hadde i 2017 fire dreneringskurs over heile fylket, og har sett opp 35 grøfteplanar.

Søkkvåt sommar

Rogaland hadde ein søkkvåt og kjøleg sommar i 2017. Hundseid i Vikedal var den tredje våtaste staden i Noreg med 1004,9 millimeter nedbør i løpet av sommaren.

Gullfjellet og Kritle, begge stader i Hordaland, tok dei to øverste pallplassane når det gjeld sommarnedbør i fjor.

– Det var særs mykje nedbør i 2017. Det er ikkje uvanleg på Vestlandet, men det spesielle med 2017 var at det ikkje var nok opphald til at vatnet kunne renne ned i grøftene. Vatnet hopa seg difor opp på overflata. Me opplevde ofte at dreneringa fungerte bra under den tette sørpa i overflata. Med mindre pakking hadde nok vatnet rent raskare ned til grøftene, seier Lars Kjetil Flesland i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland til fylkesmannen.no.

Klimautfordringane vil presse fram meir merksemd på god jordkultur, meiner Flesland.

Neste artikkel

Nedbørsthriller for kornbøndene