Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

24 nye nedbørsrekordar på Vestlandet

Øvstedal, Eimhjellen og Lavik fekk til saman 2239 millimeter nedbør i september.

Det var lite som minna om tørke og vassmangel på Vestlandet i september. Bilder viser ras på veg til stølen Dalsete i Strandebarm. (Foto: Karl Erik Berge)

Ei rekkje målestasjonar på Vestlandet melder om nye nedbørsrekordar etter ein svært fuktig september månad.

Øvstedal målestasjon i Voss kommune toppar statistikken med 827,5 millimeter på ein månad. På dei neste plassane kjem Eimhjellen i Gloppen kommune med 711,5 millimeter og Lavik med 700 millimeter, skriv NRK.

– Vi ser fleire ganske solide rekordar no i september, som er betydeleg meir enn dei tidlegare rekordane, seier Lilian Kalve ved Meteorologisk institutt.

Hornindal knuste den gamle rekorden

I Hornindal i Nordfjord kom det til dømes 500,9 millimeter med nedbør i løpet av september. Der har dei hatt ein målestasjon sidan 1895, og den førre rekorden var 441,3 millimeter, som kom i september 1917.

Bergen fekk og ny månadsrekord med 520,3 millimeter. Den gamle var frå 1986 og på 477 millimeter.

– Vi ser jo veldig tydeleg at det kjem meir nedbør enn tidlegare, og det skjer fordi det blir mildare, seier Kalve.

Annonse

Ho fortel at varm luft kan halde på meir regn enn kald luft, og at klimaforandringane og eit varmare klima difor fører til meir regn.

– Vi ser og at det no kjem kraftigare nedbør, seier Kalve til NRK.

Ras og stenge vegar

Dei store nedbørsmengdene førte til ras og stengde vegar både i Hordaland og Sogn og Fjordane. I Samnanger og Stryn vart bilar tekne av ras, men det er ikkje meldt om personskadar etter desse rasa.

Hovedtendensen i temperaturutviklinga for Norge dei siste drøyt 100 år er at det har blitt varmare.

Frå 1900 fram til cirka 1985 lå temperaturen jamt nær normalen, med ein kortvarig varmare periode på 30-talet, skriv Meteorologisk institutt.

Etter 1985 og fram til idag har temperaturen vore varmare enn normalen.

Neste artikkel

Defensivt frå regjeringa