Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ta stortingsmeldinga på alvor

Det har gått … veker sidan vi fekk ei ny Stortingsmelding her i landet. Meldingane, og behandlinga i Stortinget, dannar vanlegvis grunnlaget for ein seinare proposisjon til Stortinget.

Stortinget vedtok at: « ..... inntektsmålet skal være å redusere inntektsgapet mellom jordbruket og andre grupper i samfunnet. God markedstilpasning og produktivitetsutvikling vil være en forutsetning for inntektsdannelsen.»

Med denne som bakgrunn er det fullt forståeleg at landbruket forventar at inntekstgapet skal reduserast. Det siste tilbodet frå staten gjer ikkje det.

På pressekonferansen etter brotet sa landbruksminister Jon Georg Dale at jordbruket fekk forslag om å disponere 680 millionar kroner. Ramma bestod av 550 millionar kroner, og i tillegg kom 130 millionar i frigjorte midler.

Annonse

Norges Bondelag meiner dette er manipulering med tal og kreativ bokføring. Dei meiner 78,9 millionar er telt to ganger, både i dei 550 millionane, og i dei 130 millionane. «Man kan selvsagt ikke legge disse 79 millionene oppå en gang til! Det er å bruke de samme pengene en gang til. Det er med skam å melde bare tull! Det går ikke an», seier Per Skorge, generalsekretær i Bondelaget til Bondebladet (sjå sak side 6).

Det er riktig å bryte når Stortinget sine merknader om inntektsmålet i stortingsmeldinga ikkje er fulgt opp. Det var kort og godt mangel på pengar. Det var for liten vilje fra statens side til å følge opp ei fersk landbruksmelding, særleg med tanke på inntekter.

No må Stortinget ta stortingsmeldinga på alvor. Bondeorganisasjonanen treng at Stortinget definerer kva dei mener med inntektsmålet. Er det kun fagre ord, eller skal det vere ei melding som tar jordbruket på alvor? Det er vel hensikten med ei slik melding.

Neste artikkel

Rettferd for sauebøndene