Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordhøge slaktetal i 2016

Norske bønder leverer fleire dyr til slakting enn nokon gong før.

Rekord: Det blei slakta 54 000 fleire sauer og lam i 2016 enn året før. Arkivfoto: Terje Størksen

Alle piler peika oppover hos norske slakteri i 2016. Aldri har det blitt slakta fleire grisar, talet på saueslakt var det høgaste på 20 år og talet på storfeslakt auka også litt.

Det er grisen som drar av garde med den største auka i slaktevolum. Den totale slaktevekta auka med 3 900 tonn grisekjøt. Vel 50 000 fleire grisar blei sende til slakt, men kvar gris vog i gjennomsnitt 140 gram mindre enn året før.

Les også: Vil øke gjennomsnittsproduksjonen

FLEIRE STARTA MED GRIS

Talet på svineprodusentar som leverte grisar til slakt gjekk opp med 212 i løpet av fjoråret. I 2016 var det 2 606 produsentar som leverte gris til slakteria, viser slaktestatistikken til Animalia. I 2015 kom det til 33 nye produsentar. Det er tredje gongen på denne sida av tusenårsskiftet at talet på produsentar har gått opp.

Les også: Seminprisen går opp på gris

Auke: Det var 212 fleire svineprodusentar som leverte slakt i fjor enn året før. Foto: Marianne Røhme

At det kom til nye produsentar er truleg med på å forklare at gjennomsnittsprodusenten leverte færre dyr til slakt enn året før. Frå 2014, då gjennomsnittsprodusenten leverte rekordhøge 637 grisar til slakteria, var talet i fjor 600.

LÅGARE SNITTVEKT PÅ LAM

Fjoråret var det andre året på rad med overproduksjon i sauenæringa. Det blir sjølvsagt også gjenspegla i slaktestatistikken til Animalia, sjølv om aktiviteten gjekk ned i november og desember. Norske slakteri slakta meir enn 55 000 fleire sauer og lam enn året før.

Les også: Ønsker lettere lam

For å redusere overproduksjonen oppfordra Nortura bøndene til å levere lamma tidlegare enn vanleg i fjor haust. Det førte til at den gjennomsnittlege slaktekta gjekk ned med ein halv kilo, til 20,3 kilo. Den totale slaktevekta året sett under eitt auka med nesten 400 tonn.

67 FLEIRE SAUEPRODUSENTAR

På denne sida av tusenårsskiftet har talet på sauebønder gått ned kvart einaste år. I gjennomsnitt har fråfallet vore nesten 700 produsentar i året, men dei siste åra har fråfallet vore stadig synkande. I fjor var det netto 67 fleire som byrja med sau enn dei som slutta.

Annonse

Meir: Det blei slakta 400 tonn meir sau- og lam i fjor samanlikna med året før. Foto: Marit Glærum

I alt leverte 15 016 produsentar lam til slakt i fjor. Ein gjennomsnittleg saueprodusent leverer nå 85 dyr til slakting kvart år. Ved tusenårsskiftet var talet 46 dyr.

Les også: Optimisme ga fleire sauebønder

PILA SNUR I STORFEPRODUKSJONEN

Til og med produksjonen av storfekjøt gjekk litt opp, samanlikna med året før. Og det trass i at talet på mjølkekyr minka med rundt 4 000 dyr. Tilveksten i talet på mordyr i ammekunæringa var rundt 6 000 og tilbakemeldingar både frå bransjen tyder på ei stadig aukande interesse for ammekuproduksjon.

Opptur: Etter mange år med nedgang i storfeslakt såg peika pilene oppover igen i fjor. Foto: Øystein Heggdal

Auka i fjor var rett nok mindre enn me har sett i enkeltår tidlegare, men frå tusenårsskiftet har talet på storfeslakt i gjennomsnitt gått ned med 6 100 i året. I fjor blei det slakta 900 fleire dyr enn året før. I den same perioden har gjennomsnittsvekta på slaktet auka med 3 kilo i året, og var i fjor oppe i 285,4 kilo.

Les også: Gigantokse på Gol

LEVERER FLEIRE STORFE I SNITT

Talet på storfeprodusentar som leverte dyr til slakteria gjekk ned også i 2016, men fråfallet var mindre enn tidlegare år. I fjor var det 13 500 produsentar som leverte storfe til slakt, noko som var nesten 300 færre enn i 2015. Sidan 2000 har det fråfallet vore på nesten 1 000 produsentar i året. Gjennomsnittsprodusenten leverer nå vel 21 dyr til slakting kvart år. Ved tusenårsskiftet var talet vel 13 dyr.

Les også: Fryktar ikkje overproduksjon

Neste artikkel

Frykter «saue-utflagging» til Polen