Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Norskutvikla pære møter belgisk import

Fruktmiljøet i Sogn vil være best på innovasjon.

Fruktvegg: Dagleg leiar Stein Harald Hjeltnes i Njøs Næringsutvikling har fått midler til å utvikle ein fruktvegg for å avgrense ressursane til beskjæring.

Njøs-miljøet med sine åtte tilsette er Sogn og Fjordane sin reiskap for nyskaping og næringsutvikling i frukt og bær. Selskapet er eigd av bedrifter med interesser i frukt- og bærnæringa i fylket, og er aktive med forskning og utvikling gjennom lokale, nasjonale og internasjonale prosjekt.

Njøs-avdelinga for sorter køyrer basisprosjekt med nye frukt- og bærslag. Feltforsøk blir følgt opp med forsøk hos produsentar, hvis resultata er lovande. Eit eksempel på dette er tindved, som er planta ut på 10 dekar, for det meste i Lærdal.

Njøs har også eit gensenter som jobbar med genressursar nasjonalt og internasjonalt.

Dei har jobba mykje med strategi på Njøs, og Hjeltnes ser at innovasjon skaper mykje positivt. Mange trekker i same retning og fokuserer på positive ting, og frukt- og bærmiljøet marknads­fører Sogn og Fjordane som «Norges fruktfat».

Celina ein suksess

Graminor, Njøs Næringsutvikling, Norsk Landbruksrådgiving Vest og Gartnerhallen sin FoU-sjef er lokalisert på Njøs. Hjeltnes er dagleg leiar i næringsselskapet og sortsutviklar i Graminor på 50/50-basis.

Her blir det utvikla nye sorter av frukt og bær, og noko av det mest spanande no er den norske pæresorten Celina. Sorten held på å verte ei internasjonal suksesshistorie, og til hausten vil den ventelig dukke opp i norske butikkar både som norsk og som importvare frå Belgia.

– Celina er ein av pæresortane som er utvikla dei siste 100 år med størst potensiale, seier Stein Harald Hjeltnes.

Han fortel at Celina blei kryssa i Sverige i 1985. Frøet kom til Njøs om hausten, og etter ti år som frøplante, vart dei første poda trea planta i forsøk i 1997. I 2000 såg det lovande ut, og to år seinare sendte Hjeltnes ut prøver til NMBU, Belgia og Sør-Afrika. I 2012 vart dei fyrste 700 trea planta til testing i Sogn og Hardanger etter initiativ frå Knut Amund Surlien og forsknings- og utviklingssjef Nina Heiberg i Gartnerhallen.

Heile verda

Hjeltnes søkte rettsvern for Celina i 2010. To belgiske firma fekk saman lisens på Celina, og sorten Kristina, for heile verda, med unntak av Norge og Sør-Afrika.

– Celina er utvikla i Norge, ved hjelp av midler over jordbruksavtalen. Det hadde vore for gale om ikkje norske produsentar hadde tatt sorten i bruk, meinte Hjeltnes, og søkte Innovasjon Norge om midler til eit forskningsprosjekt for å få i gang større treproduksjon. Det første treet vart planta i frukthagen til Ivar Slinde i Sogndal i 2012. Dei neste tre åra vart det planta 30 000 tre, og no er Celina den pæresorten det finst flest tre av i Norge.

«Celina er ein av pære- sortane som er utvikla dei siste 100 år med størst potensiale»

Stein Harald Hjeltnes
Annonse

– Celina er introdusert i alle dei store pæreproduserande landa i heile verda, med unntak av Argentina. Per april i år er det planta 610 000 tre ute i verda, med Sør-Afrika, Belgia og Spania som dei største landa. Arealet vil auke raskt i åra framover, seier Hjeltnes.

– Bama fekk smaksprøvar og tilbod om å kjøpe Celina frå Belgia i 2015. Hvordan ville norske forbrukere reagert på «belgisk Celina»? No er Graminor i forhandlingar om ein avtale som regulerer import av pære til den norske marknaden. Det er bakgrunnen for at Celina produsert i Belgia truleg kjem i norske butikkar til hausten. Forbrukarane må få tilgang til desse pærene, samstundes som norske produsentar må få høve til ein lønsam produksjon i konkurranse med import,

– Norske bønder og pakkeri ynskjer å produsera 1000 tonn i året, medan Bama seier at dei vil ta 200 tonn i første omgang, seier Hjeltnes.

Redder tollvernet

Han legg til at den norske pæreproduksjonen er så liten at at vi held på å miste tollvernet. Men Celina redder situasjonen. Haldbarheita ser bra ut, og sorten kan dekke marknaden frå 15. september til ut november. No er målet å få opp produksjonen.

– Vi må få ut eit produkt av mest mogleg stabil og god kvalitet. Celina er lik Conference i modning, og smaker godt også når det er hardt, «ready from the tree».

Kjærkomen inntekt

– Kva betyr det for Graminor å lukkast med ein ny fruktsort internasjonalt?

– Pengane Graminor tenar på dette er eit kjærkome tilskot til drifta. Inntekta gir handlingsrom.

– Pæreutviklinga er nedlagd, marknaden er for liten til at det kan forsvarast. Men no veks marknaden, det visar kor viktig innovasjon er. Bringebæra Glen Ample er eit anna eksempel på å utvikle dyrkinga parallelt med innføring av ein ny sort, seier Hjeltnes.

Midler til «fruktvegg»

Njøs Næringsutvikling har også fått midlar til å utvikla ein «fruktvegg» for å avgrense ressursane til beskjæring.

– Det er ein del å henta på måten ein beskjærer på, men det vil krevje investeringar. Plukking kan bli det einaste manuelle bonden gjer i frukthagen, avsluttar Stein Harald Hjeltnes, som saman med kollegaene sine driv forsøk på 118 dekar jord på Njøs.

Neste artikkel

200 maskiner og traktorer stjålet i Sverige i år