NYTT HØNELIV: Alle nordiske land og dei fleste andre vestlege landa i EU og EØS har omstilt eggproduksjonen frå siste årsskifte. Louise Gjør i Stange har ei besetning på 7500 verpehøner. Ho har satsa på miljøinnreiing og har investert 3,5 millionar kroner i nytt hønsehus. (Foto: Newswire)

Betre liv for nordiske høner

Gamle bur for verpehøns er no historie i Norge. Frå 1. januar er det berre miljøinnreiing og frittgåande system som gjeld. Alle nordiske land og dei fleste vestlege landa i EU og EØS har omstilt eggproduksjonen frå siste årsskifte.

Framleis er det ein del austeuropeiske og vestlege land som slit med finansane som ennå ikkje har gjennomført omlegginga. Dette gjeld til dømes Hellas, Italia, Spania, Portugal og Polen, seier Aksel Fiskaa, organisasjonssjef for egg i Nortura, til Bondebladet.

I Norge har alle produsentar som leverer konsumegg til Nortura og til private grossistar av egg gjennomført omlegginga i tide. Sverige har for øvrig vore omstilt lenge, faktisk frå før tusenårsskiftet.

Nokre unnatak

Nokre unnatak finst det likevel. Det skal etter kva Bondebladet forstår, vera eggprodusentar som sel direkte frå garden som ennå ikkje har lagt om, og som dermed bryt regelverket.

I løpet av dei siste åra kor eggprodusentane har gjennomført omlegginga, har vi samstundes fått ei strukturendring i norsk eggproduksjon. Talet på eggprodusentar har gått ned - men som kompensasjon for dei som slutta, så har dei som har omstilt auka produksjonen opp til konsesjonsgrensa på 7500 verpehøns.

- Difor kan vi seia det slik at for kvar produsent som omstilte, så forsvann éin produsent. Dei som har gått ut gjaldt i all hovudsak mindre produsentar, slik at vi no har fått eit eggvolum som er svært godt tilpassa marknadsbehovet, seier Aksel Fiskaa.

Reint konkret har hatt en avskalling på rundt 200 eggprodusentar dei siste par åra, og halvert talet på produsentar dei siste fem-seks åra. No står vi att med om lag 460 produsentar av egg, med rundt 3 millionar verpehøns.

Drøye halvparten av desse lever i frittgåande besetningar, resten i miljøinnreiing. Trøndelag har flest frittgåande, og Rogaland har satsa mest på miljøinnreiing.

Nortura har ein en årsproduksjon på om lag 40.000 tonn konsumegg. Forbruket av egg har auka dei siste åra. I gjennomsnitt et kvar nordmann mellom tre og fire egg i veka.

God dyrevelferd

- Begge driftsformene miljøinnreiing og systemet med frittgåande høns gjev god dyrevelferd, slår Fiskaa fast.

- Det er vanskeleg å konstatera kven av desse som er best. Miljøinnreiing inneber at hønene får det romslegare, med tilgjenge til vagle, sandbad, eiga rugekasse og mulegheit til å kvessa klør og nebb. Bustaden vert i de fleste tilfelle delt av ni høner.

- Dette er jo eit lite samfunn å halda orden på, både for hønene og for oss som passar på dei. Trivselstesten består jo i at dei stort sett legg eit egg av høg kvalitet kvar einaste dag, seier Louise Gjør til nortura.no. Ho har ei besetning på 7500 verpehøner på garden sin i Stange i Hedmark.

Gjør har investert 3,5 millionar kroner i nytt hønsehus. Andre har måtta bruka endå meir. Til saman har fjørfenæringa investert opp mot 2 milliardar kroner på modernisering de siste åra. Bakgrunnen er eit EU-direktiv som frå 1. januar 2012 innebar forbod mot gamle, nakne nettingbur.

Revolusjon

- Dette har vore eit tungt løft for mange bønder, både praktisk og økonomisk, men som næring er vi stolte av resultatet. Både vi, forbrukarane og dyra har grunn til å vera fornøgde, held Louise Gjør fram.

Eggnæringa har med dette vore gjennom ein liten revolusjon, seier leiar i Norsk Fjørfelag, David Koht-Norbye.

- Det betyr ikkje at tilhøva var så dårlege før, men krava til dyrevelferd har auka og resultert i den kanskje største omstillinga i norsk landbruk i moderne tid, ifylgje Koht-Norbye.

- Omdømet for fjørfenæringa er avhengig av om den greier å levera høg matkvalitet produsert på ein etisk forsvarleg måte.

- Mange gode krefter har medverka til å heisa dyrevelferd høgare opp på dagsordenen, og det synest vi er bra. Ikkje minst er det positivt at forbrukarane sjølve engasjerer seg, seier Ellen Flø Skagen, informasjonssjef i Nortura.

Nøkkelord:

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden




 
Bildegalleri Bondedesign

Bondedesign

Bidrag til svenske Bondedesigns konkurranse i kunst i kolossalformat.

Gallerier

Vis alle
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro (7 bilder)
560 griser måtte bøte med livet i brann
560 griser måtte bøte med livet i brann (12 bilder)
Åpen gård i Sandefjord
Åpen gård i Sandefjord (5 bilder)
Overvintringsskader i Målselv
Overvintringsskader i Målselv (10 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Norturas eiere lovpriser NorgesGruppen-avtalen

Nortura-eiere som Bondebladet har vært i kontakt med er svært positive til den nye samarbeidsavtalen…

Mest lest


Ulovlig gjødsel velter toppfolk i dansk landbruk

En gruppe danske bønder etterforskes av politiet for innkjøp av ulovlig gjødsel fra Tyskland.


- Robot er framtida

En kvote på 400 tonn er i minste laget for en melkerobot, mener Arild Eide. Likevel valgte han å for…


Krav om landbrukskompetanse

Alle utøvere i landbruksnæringa skal ha grunnleggende kompetanse innenfor produksjon og drift. Det h…


Tine vil etterbetale 42 øre literen

Tines konsernstyre foreslår en etterbetaling til melkeprodusentene på 42 øre per liter. Dette utgjør…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Rammebetingelser

Nye perspektiv i landbruksdebatten

Nye perspektiv i landbruksdebatten

Heidi Lundeberg ønsker en nyansert og kunnskapsbasert landbruksdebatt. Hun er en av stifterne bak Alliansen for en ny landbrukspolitikk i Norge som blant annet ønsker å styrke selvforsyning og bønders inntekter.

Bondelaget: - Naturbruk må tilby god grunnutdanning

Kun 4 av 24 jerv felt i Nordland

Feil om prosenttoll i Aftenposten

Vil ha mer vekt på mangfoldet

Ny organisering av ID-kontroll

Gårdsdrift

KAN FOREBYGGES BEDRE: Det brenner for en halv milliard på norske gardsbruk, og de fleste årsakene har med elektrisitet å gjøre. Bondelaget vil ha ha bedre installatører og mer bruk av ny teknologi i forebyggende kontroll. (Foto fra brannøvelse i Øyer: Linda Sunde)

Nye tiltak mot brann

Bondelaget går inn for nye tiltak mot de mange brannene på norske gardsbruk. Organisasjonen vil skjerpe kravene til el-installatører og ønsker også satsing på termofotografering av elektriske anlegg.

Virus på storfe og småfe brer seg videre

Skadegjøreren TCDVd påvist i norsk tomatproduksjon

Håper på «sauens tiår»

Superku fødte sitt femte tvillingpar

Fortsatt smittsom diaré i flere storfebesetninger

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.