VIL SATSA: Betuel Frøyland, her i lag med sonen Hans Erik på 13, tok over garden på Frøyland frå nyttår. Uansett truslar om nedbygging, er han optimist og vil satsa på ei framtid med mjølkeproduksjon.

Utrygg framtid for ny bonde

Frå årsskiftet overdrog Jostein Frøyland garden til sonen Betuel. Men Betuel Frøyland går ei høgst utrygg framtid i møte som mjølkeprodusent i Time.

Byane og tettstadene på Nord-Jæren veks i rekordfart, og no vil dei ha matjord til utbyggingsføremål og nye vegar langt nedover på Jæren. Bybandet sør heiter prosjektet, og er eit interkommunalt sam-arbeid mellom Sandnes, Klepp og Time. Resultatet er at landets beste matjord er pressa frå alle kantar.

- Dette er totalt meiningslause planar, all den tid det finst alternative område for utbygging like i nærleiken, seier Jostein Frøyland, mjølkeprodusent med kvote på 250.000 liter og 500 dekar med fyrsteklasses matjord på Frøyland i Time kommune.

Som ein stor berørt grunneigar kjenner Jostein Frøyland og sonen Betuel seg no svært utrygge på eigen gard. Betuel Frøyland tok formelt over garden frå nyttår. Men han vil uansett ikkje la seg stoppa. Betuel er optimist og vil satsa på ei framtid i mjølkeproduksjonen. Han byggjer no nytt bustadhus på garden, og vil deretter byggja om fjøset til lausdrift med mjølkerobot.

I rett line er Betuel Frøyland femte generasjon som driv garden på Frøyland, men den har vore i slekta sidan 1700-talet.

Byen midt i hovudet

Bybandet sør har si historie frå ein fylkesdelsplan som blei vedteken i 2001. Då var den prinsipielle haldninga at framtidig utbygging skulle skje aust i jærregionen, nettopp for å spara den gode matjorda på vestsida. Det slo difor ned som ei bombe i vinter, at mellom anna garden til Jostein Frøyland skulle bli ein del av den nye Orstadbyen i Klepp og Time.

Nye planleggjarar og politikarar har nemleg bestemt seg for at mellom 4000 og 5000 dekar med dyrka jord i dei tre kommunane skal brukast til utbygging.

Berre i Time kommune har ein beslutta å utvida utbyggingsområdet ved å ta 1400 dekar med dyrka jord innafor kommunegrensa.

- Det som no ligg i planane er at me skal få byen midt i hovudet. Me visste ingenting før me las om det i avisene. Ikkje eitt ord hadde eg høyrt om at garden skulle takast til utbygging! Difor blei eg helt paff, seier Jostein Frøyland, som er velkjend som tidlegare styreleiar i Tine.

- Eg tykkjer svært lite om ein slik framgangsmåte. Dette er gamal, god, og sjølvdrenert sandjord som det har vore produsert korn på i beviseleg 4000 år. Kva som er meir verneverdig enn dét, skjønar eg ikkje, held Frøyland fram.

Går rett i matfatet

Heile Jæren er under press frå byane og tettstadene som veks på Nord-Jæren. Og politikarane vil byggja sørover langs jarnbane og vegar, og går rett i matfatet for å få dette til. Dét blir billigare, og det blir kortare avstand til Sandnes og Stavanger, påstår dei.

- Tøys og tull, seier Jostein Frøyland. - Det er skam å snakka om avstandar; dette er ikkje noko argument i det heile teke. Og billigare? Kva er meir verdifullt enn å ta vare på matjorda!

Jostein Frøyand held fram at det er snakk om nokre hundre meter til uproduktive areal frå dei dyrka areala. Då er me på fjellgrunn, og det er fine, store utbyggingsområde som vil bli kjempefine bustadfelt i staden for å rotta seg til nede i sentrum.

Frøyland hadde òg forventa at den nye landbruksmeldinga ville seia noko klarare om jordvern, all den tid meldinga peikar på befolkningsveksten i åra som kjem.

Viktig

På 70-talet sto jordvernet sterkt, og bustadene blei bygde på fjell, som på Lyefjell i Time kommune.

- Dersom ein hadde hatt dagens haldning då ein starta bygginga på Lyefjell, så hadde det ikkje blitt bygd eit hus der, seier Jostein Frøyland.

- Eg har eit håp om at folk etter kvart vil forstå at det er viktigare å ta vare på matjorda enn alt dette andre me skal ta vare på. Me lagar jo vern av ei steinrøys - og av buskar, anten det er rogn eller einer - og av froskar og salamandarar. Men den dyrka jorda er liksom ingenting verdt. Me snakkar om det som er grunnleggjande for oss som menneske og samfunn, slår Jostein Frøyland fast.

Når så store prosessar blir starta opp med slik kraft, så kviler det eit stort ansvar på dei som styrer prosessen. Det å visa respekt for matjorda og dei som forvaltar den har vore heilt fråverande gjennom heile denne prosessen. Alt anna har større verdi enn matjorda. Alle dokument og all informasjon om Bybandet sør viser ei haldning til matjorda som ikkje passar seg for eit land som held demokratiet og moralen høgt, meiner Frøyland.

Les heile saka i neste nummer av Bondebladet.

7 kommentarer til denne artikkelen

Rogaland er verstingen her i landet når det gjelder nedbygging av matjorda vår. I dette fylket bygges det ned dobbelt så mye matjord som det nest verste fylket, som er Sør-Trøndelag. Og her snakker vi om et fylke som ønsker å kalle seg Matfylket!!!! 

Inger Brueland - 18.01.2012 12:30

Det er for seint å angra på nedbygd matjord den dagen det brått ikkje går an å få kjøpt maten me treng utanfrå. - Ein dag som det ser ut til kan komma fortare enn me anar...  

Solveig Horve Bergsholm - 20.01.2012 14:38

Salg av jord og nedbygging av matjord: kortsiktig tenking for å få kjapp økonomisk gevinst. Veldig merkelig å tenke på når vi veit korleis den forrige generasjon sleit med steinen, og sleit seg ut, for å få dyrka denne jorda, og for å få "endane til å møtast". Forstå det den som kan... 

Eli Undheim - 26.01.2012 11:29

Hvis det først skal bygges på landbruksjord burde det settes krav om 12 etasjer og p-hus, så man slipper framtidige ekspropriasjoner. Disse næringsbyggene settes jo bare opp i 1-2 etasjer fordi tomteprisen er så lav. Alternativt kan man ekspropriere næringsbygg og bygge de høyere.  

Sturla Molden - 02.04.2012 22:05

Den beste landbruksjorda fer til andre formål.. ikkje berre på Jæren. Det er tragisk. Grunneigarane får stort sett ikkje marknadspris heller. Det offentlege ekspropierer anten det er til veg eller Biltema etc.etc.. Hadde prisen på dyrka jord vore høgare hadde nok utbyggjarane vurdert å skyte ein fjellknaus eller to. no lagar dei ikkje eingong parkeringshus rundt varehusa.. men ein Kjempediger parkeringsplass.. dette viser jo og litt kva samfunnet verdset matproduksjon. dvs. svert lite. 

Anders Hopland - 02.04.2012 22:10

Jeg er vanligvis en varm tilhenger av lokalt selvstyre, men når det kommer til omdisponering av dyrket mark har ikke norske kommuner vist seg oppgaven voksen. Lokalpolitikere lar seg blende av løfter om arbeidsplasser og ny infrastruktur, og den viktigste arven vi skal gi til våre barn bygges ned. Løsningen her er en nasjonal godkjenningsinnstans underlagt Landbruksdepartementet, og med meget klare og strenge retningslinjer. 

Svein Pettersen - 03.04.2012 07:36

dette va eit viktigt innleg i bondebladet. den guten blir den beste bonden på jæren. 

edna - 20.04.2012 09:59

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.

Fra forsiden




 
Bildegalleri Lesertur i USA

Lesertur i USA

Lesertur til Midt-Vesten i USA.

Gallerier

Vis alle
Bondedesign
Bondedesign (8 bilder)
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro (7 bilder)
560 griser måtte bøte med livet i brann
560 griser måtte bøte med livet i brann (12 bilder)
Åpen gård i Sandefjord
Åpen gård i Sandefjord (5 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Norturas eiere lovpriser NorgesGruppen-avtalen

Nortura-eiere som Bondebladet har vært i kontakt med er svært positive til den nye samarbeidsavtalen…

Mest lest


Tusener kan miste seterretten

Har man ikke husdyr som beiter, faller retten til seter bort etter 20 år, mener Statens landbruksfor…


Krever milliarder fra Monsanto

Monsanto har ulovlig krevd avgift for genmodifiserte frø, har en domstol i Brasil kommet til. Om der…


Økte melkemuligheter – men ikke for alle

Norske melkebønder kan i inneværende kvoteår produsere fem prosent mer enn kvoten tilsier. De som li…


Turfolket tar seg til rette

Det kan høres festlig ut å finne en toppløs dame som ligger og soler seg midt i den modne kornåkeren…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Rammebetingelser

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag takka bøndene for innsatsen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Bøndene oppheva blokkaden av møllene

Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Hilleren leverte landbruksmeldinga attende til staten

- Brudd var det eneste rette

- Melaksjonen rammer bøndene selv

Slakter dyrene i protest

Feil å aksjonere mot bakerne

Traktor og teknikk

Illustrasjonsfoto: Christian Juel Jørgensen

Når giret har låst seg

En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.

Traktoraksjon langs E6

Problemer med stikkesylinderen på Case-graver

Hvordan manipulere LS-styreporten

Skogsmaskinførere - en utsatt arbeidsgruppe

Det spirer og gror hos Väderstad

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.