Roar Grødeland (28) vart den første vinnaren i historia i
kåringa av «Årets unge bonde», ein konkurranse som Norges
Bygdeungdomslag og McDonald's står bak. I år er det nemleg første
gongen «Årets unge bonde» vert kåra, men planen er at dette skal
verta eit årleg tiltak.
98 unge bønder frå heile landet var nominert til
tittelen «Årets unge bonde». Til slutt sto tre finalistar att, der
svineprodusenten frå Orre i Klepp kommune på Jæren gjekk av med
sigeren.
Overrekkinga av den gjeve prisen fann stad i
Studentsamfunnet på Ås i kveld.
Sunt førebilete
«Årets unge bonde» skal vera eit sunt førebilete som kan
inspirera fleire til å finna vegen til norsk landbruk,
heiter det i
statuttane for kåringa.
Den heldige vinnaren vil få avløysar for ei helg og tur
til Barcelona for to, i tillegg til heider og ære.
- Dette var ei skikkeleg kjempeoverrasking, men
det kunne like gjerne vore ein av dei to andre kandidatane, eller
nokon av
alledei andre dyktige unge bøndene
rundt om i landet, seier Roar Grødeland til
Bondebladet.
Dei to andre finalistane var Elisabeth Holand frå
Vestvågøy i Lofoten og Åge Grenne frå Åsen i
Nord-Trøndelag.
- Det er klart det er ekstra flott å få vera den første
vinnaren, og det skal verta spennande med tur til Barcelona. Der
har me ikkje vore før, seier Roar Grødeland, som sjølvsagt tek med
seg kona Anne Karin til den spanske storbyen.
Fokus på norsk kvalitetsmat
- Kåringa er eit ledd i å auka rekrutteringa til grøn
utdanning og fokuset på norsk kvalitetsmat. Norges Bygdeungdomslag
og McDonald's er stolte av å kåra ein svært verdig vinnar som
«Årets unge bonde», seier leiar Nils Håvar Øyås i Norges
Bygdeungdomslag.
- Eg er veldig glad på vinnaren sine vegne. Det er
svært viktig med gode eksempel, og dét er Roar Grødeland i høg
grad. Han og kona Anne Karin er verkeleg eit par som har stått på,
sjølv om dei ikkje berre har hatt medgang, held Øyås
fram.
24. august gjekk alarmen hjå Roar og Anne Karin Grødeland.
Grisefjøset brann ned og 500 griser omkom. Men Roar og Anne Karin
står på vidare. Utpå nyåret vil gravinga til nytt grisefjøs ta til,
og Roar og Anne Karin håper på innflytting i nybygget til neste
haust.
- Spennande vinnar
- Vinnaren er ein spennande kandidat som passar for alle
kriteria som vi hadde for konkurransen «Årets unge bonde», seier
kommunikasjonsdirektør Margaret Brusletto i McDonald's Norge
AS.
McDonald's har valt å engasjera seg i arbeidet med å auka
rekrutteringa til grøn utdanning, og samtidig setja fokus på norsk
matvareproduksjon. I dette høve har dei fått eit godt samarbeid med
Bygdeungdomslaget.
- Vi er avhengig av at fleire finn vegen til norsk
landbruk, for at vi i framtida også skal få tilgang til norske
råvarer av høg kvalitet, held Margaret Brusletto
fram.
Hos McDonald's er norske råvarer den viktigaste
ingrediensen i maten. Heile 80 prosent av maten som vert servert
hos restaurantkjeden er produsert i Norge.
- Dette betyr at vi sjølvsagt er interessert i å bidra til
å byggja opp norsk landbruk i framtida, for å få tilgang til gode
norske råvarer av høg kvalitet, seier Brusletto.
Bredt engasjement
I sin grunngjevad seier juryen at «Årets unge bonde»
er:
«... et sunt forbilde med et bredt
engasjement for landbruk og det han driver med. Som del av en ny
generasjon bønder, kombinerer han et spennende yrkesvalg med et
aktivt familieliv og betydelig samfunnsengasjement. Vinneren er
lærevillig og tar selv grep for å tilegne seg nødvendig kunnskap
for å drifte på best mulig måte.
Han har også vist at han takler utfordringer på en
forbilledlig måte, og satser videre selv i tøffe
tider.
Årets unge bonde kan inspirere flere kloke hoder og
driftige hender til å finne veien til norsk
landbruk».
Veisholen Griseri
Roar Grødeland driv Veisholen Griseri på Orre på Jæren i
lag med kona Anne Karin. Begge jobbar fulltid på garden. Dei har
tre born på fire, to og eitt år.
Roar og Anne Karin Grødeland produserer smågris og
slaktegris. Dei har såkalla utvida konsesjon på 3.000
slaktegriseiningar. Dette vil seia at dei har 100 sugger og leverer
kring 1000 slaktegris per år til Nortura.
Roar Grødeland har i heile si ungdomstid vore aktiv i
Bygdeungdomslaget - både i heimbygda Gjesdal og på fylkesplanet i
Rogaland Bygdeungdomslag.
I dag er Roar Grødeland med i styret i Orre Bondelag, og
har også vore leiar der.
LES MEIR OM GRØDELAND: MED FRAMTIDSTRU PÅ
LANDBRUKET
Juryleiar var stortingspolitikar og bonde Ola Borten Moe.
Dei andre i juryen var instituttleiar Torstein Steine ved
Universitetet for miljø- og biovitenskap på Ås, administrerande
direktør Olli Kilpi i McDonald's Norge AS, og Kristin Stanger som
er bygdepolitisk nestleiar i Akershus Bygdeungdomslag.

SMÅBARNSFORELDRE: Anne Karin og Roar Grødeland har tre
barn, Magnus på fire og eit halvt år, Rasmus på to og eit halvt år
og Karen Marie på seksten månader. FOTO: Ådne Aadnesen
A NATUREZA NOS DA DE GRAÇA E NÓS DESTRUIMOS. www.queimadasurbanas.bmd.br
Krever milliarder fra Monsanto