Nortura meiner prissetjinga som er gjennomført er gjort for å sikra økonomisk grunnlag for vidare omstilling i eggproduksjonen. Jon Line er ikkje nøgd med denne grunngjevinga. (Arkivfoto: Ådne Aadnesen)

Reagerer på ulik pris for like egg

Jon Line i Time kommune meiner Nortura skviser han og andre eggprodusentar som leverer egg frå «gamle» buranlegg.

Jon Line har saman med fleire andre eggprodusentar på Jæren og i Ryfylke skreve brev til Nortura. I brevet ber dei om ei forklaring på kvifor det er innført ulik avrekningspris på egg frå burhøns.

Line er lite nøgd med svaret han har fått frå Nortura. Dei meiner prissetjinga som er gjennomført er gjort for å sikra økonomisk grunnlag for vidare omstilling i eggproduksjonen. Ei prioritering av omstilte produksjonsformer skal sikre den langsiktige marknadsbalansen på egg økonomisk

- Ei rein skvising

- Eg synest Nortura vrir seg unna heile problemstillinga, og svaret deira er på ingen måte oppklarande. Saken er at dei betaler ulik pris for den same vara. Det gjer det økonomisk vanskeleg for oss som har gamle buranlegg, seier Line og legg til:

- Begge desse burtypane er godkjende fram til 31. desember 2012, og egga blir selt ut igjen til den same prisen. Dette er etter mi meining ei rein skvising av oss som har gamle buranlegg.

Nortura meiner at produsentar med tradisjonelle bur er på slutten av ein investeringsfase med lågare kapitalkostnader. Er du samd i dette?

- Nei, det er eg ikkje. Eg har framleis mykje gjeld på huset eg bygde i 2002. Med 50 prosent større konsesjon no, enn det var den gang, kan det ikkje vera så store skilnader.

Varsla om ombygging

Jon Line er mjølk- og eggprodusent på Bryne i Time kommune. Han driv mjølkeproduksjon i samdrift med to andre, og kvoten er på 418 000 liter. Line bygde nytt hønsehus til 5.000 høner i 2002. Det var til maks grense den gang. Like etterpå vart konsesjonsgrensa utvida.

- Eg bygde med tanke på ei eventuell ombygging seinare. Derfor har eg no plass til 5.760 høner. Eg har for fleire år sidan varsla Nortura om at eg planlegg ei ombygging til frittgåande høner, og derfor føler eg meg rett og slett svikta av samvirke som eggprodusent.

Ivrig samvirkemann

Jon Line har alltid vore samvirkepatriot. Han er det framleis, men no røyner det på i forhold til Nortura, innrømmer han.

- Eg vil gjerne vera bonde på heiltid, og då kan eg ikkje berre slutta med eggproduksjon utan vidare. Slik det er no, føler eg eit press på å gi meg med egg. Det kjem eg ikkje til å gjera, men om det blir å levere vidare til Nortura, er meir usikkert, seier han.

Melka går til Tine. Han meiner det er store kulturskilnader mellom dei to samvirkebedriftene.

- Eg føler me blir meir høyrt og tekne på alvor i Tine. Det er klart at Nortura har vore gjennom store omveltingar og framleis har store utfordringar, men det er viktig at me som produsentar og eigarar blir involverte og møtt med ei open innstilling.

Nøkkelord: EggFjørfeGårdsdriftNortura

1 kommentar til denne artikkelen

Kvifor er ikkje Nortura politianmeld? Her oppfører Nortura seg som ein "stat i staten"! I andre land blir slikt kalla for mafia.For å setja eit bilete på det: Kva om vegdirektoratet hadde godkjent høgare fartsgrenser på nye personbilar enn på eksisterande bilpark?I praksis ville slikt skapt politisk ramaskrik og aldri blitt noko av.Men bønder er det visst ikkje så nøye med!!!?? 

arvid jøssang - 05.09.2010 14:55

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.
 
Bildegalleri Bondedesign

Bondedesign

Bidrag til svenske Bondedesigns konkurranse i kunst i kolossalformat.

Gallerier

Vis alle
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro (7 bilder)
560 griser måtte bøte med livet i brann
560 griser måtte bøte med livet i brann (12 bilder)
Åpen gård i Sandefjord
Åpen gård i Sandefjord (5 bilder)
Overvintringsskader i Målselv
Overvintringsskader i Målselv (10 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Mest lest


Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

SpermVital as skal investere 18 millioner kroner de neste tre årene for å videreutvikle en teknologi…


Provosert over kompetanseuttalelser

Erik Fløystad, fylkesleder i Aust-Agder Bondelag, er oppbrakt over uttalelsene til professor Karen H…


Fryktar at Hordaland vert utan meieri

Fylkesutvalet i Hordaland fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at …


Stygge tall for FK Rogaland Agder

Underskudd på godt over 100 millioner kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, selv om kjernevirksomhet…


- Samvirke må ta kontakt med de unge

Samvirke må være mer offensive, og troppe opp på gården når de vet at det er et generasjonsskifte på…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Næringsutvikling

TREFFPUNKT: Storfekafeane er eit fagleg og sosialt treffpunkt for Nortura-eigarar som driv storfeproduksjon. Her frå Nortura Forus,  til venstre Arnstein Røyneberg og Arne Rege, til høgre Åsgeir Åsland og Kjetil og Hege Nilsen. I februar er det igjen duka for storfekafe på dei tre Nortura-anlegga i Rogaland.

Suksess for storfekafear hos Nortura i Rogaland

I Rogaland har Nortura stor suksess med sine storfekafear, som regelmessig vert arrangert på dei tre anlegga på Forus, i Egersund og Vindafjord.

SpermVital investerer 18 millioner i forskning

Vil ha veterinærene mer synlige

Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

Vil styrke miljøinnsatsen i landbruket

Matjorda i Tyskland bygges ned

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.