Kommentar 

Mottiltak: Frå Hobøl i Østfold, der eit grasdekke reduserer utvaskinga av jord og næringssalter til vassdraget. Foto: Jan Ferstad

Blå eller brune vassdrag?

Vil ein ha reinare vassdrag i område påverka av landbruk, må det koma forbod mot fosforgjødsling etter 1. august, og forbod mot pløying og anna jordarbeiding om hausten, skriv sivilingeniør Sigmund Hatløy. Les kronikken her.

Sigmund Hatløys kronikk:

 

Utan desse tiltaka vil vasskvaliteten bli dårleg i all framtid, og landbruksnæringa vil slita med dårleg miljørykte like lenge.

I område med landbruk renn store mengder næringsstoff som fosfor og nitrogen ut i vassdraga. Nedbøren vaskar med seg næringsstoffa både som overflateavrenning, via dreneringsvatnet, og ved erosjon av jordsmonnet. Det er ikkje uvanleg at 80-90 prosent av fosfortilførslene og over 95 prosent av nitrogentilførslene til eit vassdrag kjem frå landbruket.

          Sei di meining om avrenningsproblemet i jordbruket nederst i saka!


Nedbørtilhøva styrer avrenninga og ureininga av vassdraga. Vanleg fordeling av nedbøren er at kvar av månadene august - januar har tre gonger større nedbørmengde enn kvar av månadene mai - juli. Spreiing av gjødsel etter 1. august aukar difor ureininga av vassdraga sterkt.

Nedmolding/nedfelling av gjødsla etter 1. august hjelper lite fordi dreneringsvatnet vert ureint og har stort volum. Nedmolding ved pløying eller harving aukar dessutan erosjonen og overflateavrenninga.

Jordprøvar frå landbruksområde har lenge vist høgt fosforinnhald i jordsmonnet. Forsking har vist at optimalt fosforinnhald for plantedyrking og miljøomsyn er 5-7 målt som P-AL (plantetilgjengelig fosfor). Høgare P-AL tal aukar ureiningsfaren fordi jordas evne til å binda fosfor minkar når fosforinnhaldet aukar. Store deler av dyrka jord har P-AL tal langt over 10, i husdyrområde og grønnsakområder er P-AL tal over 20 ikkje uvanleg.

Økonomien i gjødselressursen

Gamal lærdom seier vidare at gjødsling så seint på året som i august aukar faren for overvintringsskader på grasvekstene. Økonomien i gjødselressursane er viktig. Spreiing av husdyrgjødsel etter 1. august er sløsing og avfallsdisponering, ikkje ressursutnytting.

Konklusjon: Det trengst forbod mot fosforgjødsling etter 1. august.

Bioforsk har ved forsking og forsøk sett på tiltak for å redusera tap av jord og næringsstoff til vassdraga. Laus jord fører til sterk erosjon ved nedbør, difor er minst mogleg jordarbeiding om hausten avgjerande for å få til betre vasskvalitet. Bioforsk har funne at relativ erosjonsrisiko er slik ved alternative korndyrkingsmetodar: (Bioforsk tema nr 11 2008).

• Tradisjonell haustpløying 1,0

• Harving, ein gong om hausten, ein gong

om våren 0,5

• Vårpløying 0,14

• Vårharving, to gonger 0,12

• Direktesåing om våren 0,11

Haustpløying er altså sju gonger farlegare for vassdraga enn vårpløying, og ni gonger farlegare enn direktesåing om våren.

Det er grunn til å tru at skilnadene ved pløying eller direktesåing av grasmark (fornying av eng) ikkje er mindre.

Metode i ugraskampen

Haustpløying er ein viktig del av ugraskampen vert det ofte sagt. Bioforsk har sett på dette også.

Ein får auka kostnader til ugras- og soppsprøyting, og eventuelt meir harving, ved redusert pløying. Men mindre pløyekostnader gjer likevel alternativa med harving- og direktesåing vesentleg rimelegare, noko som kan kompensera for eventuelle andre kostnader eller avlingsnedgang.

For landbruksdrift basert på haustpløying finst det altså produksjonsmetodar som minskar ureiningspotensialet opp mot 90 prosent, utan at kostnadene aukar. Metoden som minskar ureiningsfaren mest, gir størst økonomisk gevinst for gardbrukaren.

Industribedrifter med miljøfarlege utslepp får krav om å redusera utsleppa ved å ta i bruk tilgjengeleg teknologi. Dei får ikkje unntak sjøl om omlegginga medfører utgifter, og slett ikkje dersom bedriftene tenar pengar på omlegginga.

I søknadskøen

Det er etablert ein statleg tilskotsordning for miljøtilpassa jordarbeiding, for å få til landbruksdrift med mindre erosjonsrisiko. Dei som ikkje får tilskot det året di søkjer, på grunn av søknadskøen, ventar ofte med omlegginga for å være sikra tilskot seinare. Dermed verkar tilskotsordninga forseinkande på overgangen til betre praksis. Tilskot bør vera unødvendig når omlegginga ikkje medfører ekstra kostnader. Like krav for alle er å støtta dei som tek miljøansvar, frivillige tiltak er støtte til dei som tek minst miljøansvar.

Konklusjon: Det trengst forbod mot pløying og anna jordarbeiding om hausten.

Treng eit forbod

Dagens gjødlingsforskrifter er ikkje gode nok, det viser utviklinga i vasskvaliteten. Ein kan nå spreia gjødsel fram til 1. september, og til 1. november ved nedmolding/nedfelling av gjødsla. I 2005 vart forskrifta svekka ved at kommunane då fekk tillata spreiing utan nedmolding fram til 1. oktober, dersom vasskvaliteten i kommunens vassdrag, og klimatilhøva, tillèt det. Mange kommunar har nytta høvet til å lempa på 1. september- fristen utan å ta omsyn til dårleg vasskvalitet i vassdraga.

Konklusjon: Endra eller nye forskrifter må innførast for å få gjennomført forbod mot fosforgjødsling etter 1. august, og forbod mot pløying og anna jordarbeiding om hausten.

Utan desse forboda vil vasskvaliteten i vassdrag påverka av landbruksdrift bli dårleg i all framtid, og landbruksnæringa vil slita med dårleg miljørykte like lenge.

Sigmund Hatløy, sivilingeniør

1 kommentar til denne artikkelen

Kronikkforfatteren har konklusjoner som ikke alle er like godt fundert: I stykket om miljøtilpasset jordarbeiding har han glipper i resonnementet, og direkte feil: Han hevder at tilskudd ikke bør gies ut fra hans teorier: Men hans teorier holder ikke. Det er mange ulemper og stor sjanse for å få lavere avling ved å vente med alt jordarbeide til våren. For det ene: Ved å vente til våren, vil våronna måtte utsettes, og det blir mere hektisk. Stor risiko blir det også dersom traktor får problemer, i det mere arbeid må gjøres på kortere tid. Ved forsommertørke, som ofte forekommer, vil avlingen reduseres. Det er også stor sjanse for at noe av grunnen til lav hektolitervekt kommer av at jorda ikke får satt seg , slik den ville gjort ved høstpløying. Og problemer ved ugras øker også. Disse momenter gjør at tilskudd bør opprettholdes, og heller økes for å fortsette med all jordarbeiding på våren! Redusert jordarbeiding forutsetter ofte sterkere traktor også!  

Nils Halvor Skinnes - 18.04.2010 18:03

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.
 
Bildegalleri Lesertur i USA

Lesertur i USA

Lesertur til Midt-Vesten i USA.

Gallerier

Vis alle
Bondedesign
Bondedesign (8 bilder)
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro (7 bilder)
560 griser måtte bøte med livet i brann
560 griser måtte bøte med livet i brann (12 bilder)
Åpen gård i Sandefjord
Åpen gård i Sandefjord (5 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Mest lest


Tusener kan miste seterretten

Har man ikke husdyr som beiter, faller retten til seter bort etter 20 år, mener Statens landbruksfor…


Krever milliarder fra Monsanto

Monsanto har ulovlig krevd avgift for genmodifiserte frø, har en domstol i Brasil kommet til. Om der…


Økte melkemuligheter – men ikke for alle

Norske melkebønder kan i inneværende kvoteår produsere fem prosent mer enn kvoten tilsier. De som li…


Turfolket tar seg til rette

Det kan høres festlig ut å finne en toppløs dame som ligger og soler seg midt i den modne kornåkeren…


Nye trusler mot tomatproduksjonen

Mattilsynet har påvist omfattende smitte av pospiviroider i flere importerte sendinger av prydplante…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Rammebetingelser

Leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag takka bøndene for innsatsen. Foto: Bjarne Bekkeheien Aase

Bøndene oppheva blokkaden av møllene

Transporten av matmjøl får igjen fraktast fritt. - Ein vellukka aksjon, seier leiar Nils T. Bjørke i Norges Bondelag.

Hilleren leverte landbruksmeldinga attende til staten

- Brudd var det eneste rette

- Melaksjonen rammer bøndene selv

Slakter dyrene i protest

Feil å aksjonere mot bakerne

Traktor og teknikk

Illustrasjonsfoto: Christian Juel Jørgensen

Når giret har låst seg

En leser lurer på hva han kan gjøre når giret for høg/lav og revers har låst seg i høygir. Vår traktorekspert Kjell Mangerud gir råd.

Traktoraksjon langs E6

Problemer med stikkesylinderen på Case-graver

Hvordan manipulere LS-styreporten

Skogsmaskinførere - en utsatt arbeidsgruppe

Det spirer og gror hos Väderstad

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.