Kjenner nokon av lesarane til folketru om at langbein (til venstre) eller stankelbein/myhank/høyhest hjelpte bøndene med innhaustinga eller på anna vis? (Foto frå Wikipedia)

Kjenner du til historier om langbein, stankelbein og innhausting?

Eldar Heide ved Universitetet i Bergen vil gjerne ha opplysningar om folketru kring langbein, stankelbein/høyhest og innhausting.

Desse småkrypa er så like at dei ofte går om einannan, både her i landet og i andre land (t.d. engelsk "daddy longlegs" om begge), så det er langt på veg same folketrua om begge. I England kjenner vi får 1600-talet førestellingar om at "daddy longlegs" var utstyrt med sigd, ljå og rive og hjelpte bøndene med innhaustinga. Bakgrunnen skal vera at dei yr og kryr over åker og eng i onnetida, og då har det vori naturleg å kople dei til førestellingar om at gardsnissen kunne ha insektham, som er nokså utbreidde fram mot vår tid, og som truleg var vanlegare i eldre tid.

Same veg peikar namna på langbein/stankelbein over det meste av Europa, frå Portugal til Russland. Dei blir kalla slikt som 'slåttekar', 'haustekar', 'skurdkar' (dansk "mejer"), 'høyvogn', 'køyrekar-kongro' ("carter spider"), m.m. - og "høyhest", i Nord-Noreg. Slike namn er det vanskeleg å forklare utan at folketrua om innhaustingshjelpa var vidt utbreidd i Europa i gammal tid. Men uansett hadde det vori verdifullt å få fleire eksplisitte opplysningar om slik tru, og det prøver eg å få tak i med dette stykket.

Frå Norden kjenner eg pr. i dag berre til tradisjon som minner om den nemnde. Fyrst og fremst er det den vanlege trua at kongro (edderkopp) og spindelvev generelt gjev lukke, fyrst og fremst materiell rikdom, når ein ser slike eller har dei i huset, og i alle fall langbeinet er vorti oppfatta som ei kongro. Dette høver godt med trua på at gardsnissen, som jo drog alle slag rikdom og ressursar til gards, kunne ta ham som slike småkryp.

Så er det ei nokså utbreidd tru på at langbeinet kan hjelpe til med å finne ting eller skaffe ting tilbake, særleg buskap. Namn som "sauepeike" og "shepherd spider" om langbeinet stemmer med den trua, som òg går godt i hop med den gamle nissetrua. Og så er det den færøyske trua på at myhanken varslar at det kjem grindkval, som har vori viktig for livberginga på Færøyane. Kanskje har trua opphavleg vori at myhanken hjelpte til med å skaffe grindkval?

Eg spør fordi eg arbeider med ei bok om den norrøne guden Loke, der eg prøver å utnytte folketradisjon frå nyare tid i tillegg til dei islandske handskriftene frå 12-1300-talet, som er hovudkjelda vår til slike ting. Det ser ut til at guden Loke er utvikla frå ein slags nissefigur som hjelpte til med å skaffe ressursar til gards. Då er det viktig å få klårlagt førestellingane ikring langbein og stankelbein, for på færøysk og i svenske dialektar blir desse småkrypa kalla lokke eller loke, som truleg er same ordet som gudenamnet Loke.

Har du opplysningar du trur kan vera av interesse, så blir eg glad om du tek kontakt.

Eldar Heide
Universitetet i Bergen
Tlf. 55 58 80 86

E-post: eldar.heide@cms.uib.no

Nettside: http://eldar-heide.net/

 

 

Nøkkelord: Gården

Ingen kommentarer til denne artikkelen

Skriv en kommentar:





For å komme videre må du akseptere vilkårene som gjelder for å skrive inn kommentarer.
 
Bildegalleri Bondedesign

Bondedesign

Bidrag til svenske Bondedesigns konkurranse i kunst i kolossalformat.

Gallerier

Vis alle
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro
Se vår prøvekjøring av John Deere 3720 eHydro (7 bilder)
560 griser måtte bøte med livet i brann
560 griser måtte bøte med livet i brann (12 bilder)
Åpen gård i Sandefjord
Åpen gård i Sandefjord (5 bilder)
Overvintringsskader i Målselv
Overvintringsskader i Målselv (10 bilder)

Mest kommenterte

Roar Grødeland vart "Årets unge bonde"

Svineprodusent Roar Grødeland frå Klepp i Rogaland er kåra til «Årets unge bonde 2010».

Markedet forsvant for økopoteter

Et prosjekt skulle sørge for at produksjonen av økologisk potet gikk opp. Men så forsvant markedet.

Nedgangen i talet på geitebruk må stoppast

Det er behov for meir geitemjølk her til lands. Då er det meiningslaust at produsentar som vil konve…

Økovekst i Coop Norge

Coop-butikkene solgte økovarer for 240 millioner kroner i 2010, en vekst på 4 prosent.

Mest lest


Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

SpermVital as skal investere 18 millioner kroner de neste tre årene for å videreutvikle en teknologi…


Provosert over kompetanseuttalelser

Erik Fløystad, fylkesleder i Aust-Agder Bondelag, er oppbrakt over uttalelsene til professor Karen H…


Fryktar at Hordaland vert utan meieri

Fylkesutvalet i Hordaland fryktar at Tine kan koma til å leggja ned meieridrifta i Hordaland, og at …


Stygge tall for FK Rogaland Agder

Underskudd på godt over 100 millioner kroner i Felleskjøpet Rogaland Agder, selv om kjernevirksomhet…


- Samvirke må ta kontakt med de unge

Samvirke må være mer offensive, og troppe opp på gården når de vet at det er et generasjonsskifte på…

Tun Torget

Landbrukets markedsplass

Her finner du det du ikke finner andre steder.

Siste fra andre tema

Næringsutvikling

TREFFPUNKT: Storfekafeane er eit fagleg og sosialt treffpunkt for Nortura-eigarar som driv storfeproduksjon. Her frå Nortura Forus,  til venstre Arnstein Røyneberg og Arne Rege, til høgre Åsgeir Åsland og Kjetil og Hege Nilsen. I februar er det igjen duka for storfekafe på dei tre Nortura-anlegga i Rogaland.

Suksess for storfekafear hos Nortura i Rogaland

I Rogaland har Nortura stor suksess med sine storfekafear, som regelmessig vert arrangert på dei tre anlegga på Forus, i Egersund og Vindafjord.

SpermVital investerer 18 millioner i forskning

Vil ha veterinærene mer synlige

Investerer 18 millioner i fruktbarhetsforskning

Vil styrke miljøinnsatsen i landbruket

Matjorda i Tyskland bygges ned

Tun Media

Tun Medias publikasjons- portefølje retter seg mot kvinner og menn som lever og bor i det moderne Bygde-Norge og til andre med sans for den landlige livsstil.

Rekruttering av ungdom til utdanningsporgram naturburk ved de videregaende skolene.