Same måten, same låten
I fjøsen heime på Tunge hadde Liv Hanssen berre to mjølkeorgan, noko som gjorde et makeleg å mjølka. Og i skapet låg i mjølkerommet låg alltid blokk og penn. Var det noko som rann i hug under arbeidet, var Liv ute og sleppte nokre ord ned på papiret. Såleis òg med dette diktet, som ho skreiv til bondelagsfesten på Bjoa 7. desember 1988. 4. desember 2008 las Liv opp diktet på nytt på Drøsestova på Bjoa - og alle var samde: orda er like aktuelle den dag i dag:
Oppmuntrande som ei dagsnyttsending,
med jeremiader i kvar ei vending
er slikt som bønder må leva med,
og kvar og ein får så grei beskjed.
Slik er det landbruket blir presentert
og våre forbrukarar orientert:
Norske bønder? Betalt av Staten.
Og tenk, den gyseleg dyre maten!
Folk har'kje råd til 18 prosent
av pengane dei så surt har tent.
Kornet er fullt av sprøytegift,
tommelen ned for matkorndrift.
Bak borkebrød, om du vil og kan
- her gjeld det å berga livet, mann!
Smøret hopar seg opp i berg.
Av dét får du kreft og hjarteinfarkt.
Du drikk ikkje mjølk, vel? Å fy og fy!
Ta heller ein tur til nærmaste by,
der har dei mange slags drikke for salg
med vekslande giftnnhald etter valg.
Og kvifor skal kua på båsen stå?
Er dét noko liv å satsa på?
Dyrplageri med hønseri,
Slepp dei ut - lat dei vera fri!
Sauen er full av bequerellar -
og kven veit om det ikkje er salmonella
i osten, som kvar dag står på vårt bord?
Og grisen, han er ein gris så stor!
Møkkakjellar og silokum
er fulle av gass og styggedom.
Elvar og vatn er forurensa,
Norskehavet for torsk er lensa.
Grana er sur og nitrist å sjå,
alt liv i skogen vil dødsdom få.
Nei, lat oss stilla med ope sinn,
lat oss koma oss i EU inn!
Der er det gull og grøne skogar,
der pløyer dei jord med 12-skjersplogar.
Ingen spør der etter kva dei ét,
alt i hop har ein rosa let.
Veksthormoner er blanda i fôret,
antibiotika er det store.
Dei vaksinerer mot «munn og klov» -
(såg du noko til han med hov?)
Men kva var dét?
Ein fugl som song!
Fortel han at etter vinteren ein gong,
kjem våren igjen med fornya tru
- og om fjorten dagar vil sola snu.
Me tar oss ein røyk og ein kaffitår,
og satsar litt ekstra til neste år!











Rune Haram,tidlegare nestleiar i Nortura sitt konsernstyre skreiv følgande:"Når det gjelder Nortura betalte de først ut store deler av egenkapitalen til no
Splittede bønder er kjedenes drøm