Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Tung sommar for jordbærbøndene

Ådne
Publisert: 31.07.13 12:00

- Gamalfolket snakkar om at det ikkje har vore så ille som no sidan 1961. Då var skadane endå større. Det var ikkje ein jordbærplante igjen i dalen, seier Hegelin Waldal og Audun Skjervøy i Valldal i Norddal kommune i Møre og Romsdal.

Dei leverte 50 tonn jordbær i fjor, men reknar med at årets avling berre vil bli på 30 prosent i høve til ei normalavling.

- I gode år brukar vi å få ei avling på mellom 1700 og 1800 kilo jordbær per mål, og 1500 kilo per mål i eit gjennomsnittsår. I år skulle vi hatt 34 mål med jordbær, men 8 mål er sanert fordi det ikkje var håp om avling grunna store frostskadar frå sist vinter og vår. Ingen i Valldal har gått fri for skade i jordbæråkrane. Her i bygda er det enkelte produsentar som har måtta sanere alt arealet, seier Audun Skjervøy.

Skadane har truleg fyrst og fremst skjedd ved at langvarig barfrost og vind har tørka ut plantene i vinter.

Bergar seg på Polka

Skjervøy nemner ein sein jordbærsort som heiter Florence, som har døydt heilt ut i år.

Sjølv dyrkar Audun Skjervøy og Hegelin Waldal også mykje av sorten Senga Sengana, som går til industrien via Valldal Grønt. Dette er ein sort som er vintersvak.

- Vi bergar oss på Polka som er meir herdig, men dette er ein sort som industrien ikkje vil ha større mengder av. Dei vil i all hovudsak ha Senga Sengana, og grunngjev dette med at denne har ein meir haldbar farge, er lettare å jobbe med og passar oppskriftene deira betre. Men for oss produsentar er ikkje Senga Sengana best. Den gir dårlegare avling, er meir utsett for gråskimmel og er tyngre å plukke. Det gjer Senga Sengana til ein dyrare sort å produsere på alle måtar, slår Audun Skjervøy fast.

Også for plukkarane er det eit dårleg år i år. På grunn av avlingsreduksjonen har Skjervøy og Waldal berre ni plukkarar no i sommar, medan dei skulle ha hatt 25.

På garden deira i Valldal blir det elles dyrka til saman sju potetsortar på 23 mål.

Store utgifter

På spørsmål om bærprodusentane får avlingsskadeerstatning, svarar Skjervøy og Waldal at denne blir rekna ut etter ei gjennomsnittsavling frå dei fem siste åra utan avlingsskade. Ein eigendel på 30 prosent blir trekt frå. Maksimalt erstatningsbeløp er 750 000 kroner.

- Med 30 prosent av ei normalavling, som skal dekkje alle kostnader, røyner det på økonomien i eit år som dette. For at vi skal kome tilbake til normal produksjon så snart som råd, har vi planta oppatt alt areal vi har tapt på grunn av vinterskade, i tillegg til det vi skulle ha planta etter den vanlege produksjonsplanen. Det er ei utgift vi merkar i eit år då vi elles kjem til å få sterkt reduserte inntekter. Samanlikna med fjoråret, reknar vi med eit bruttoreduksjon i inntekt på 800.000 kroner, seier Skjervøy.

- Dei aller fleste bærprodusentane i Norddal kommune er aksjonærar i Valldal Grønt AS. Dette er eit selskap som bærprodusentane er heilt avhengige av for å kunne drive produksjon av bær til konservesindustrien. Talet på aksjonærar er i overkant av 90. Det er omkring 40 aktive produsentar. Valldal Grønt AS er både mottakar og grossistselskap for produsentane i området.

I fjor blei det teke inn 691 tonn jordbær til Valldal Grønt, og over halvparten av landets industrijordbær blir produsert i Norddal kommune.

Lite jordbær i heile landet

Det er lite jordbær i heile landet, sett i forhold til eit normalår. Det gjeld både tidlege og seine område.

På grunn av isbrann og vinterskadar opplever jordbærbøndene kraftige reduksjonar i avlingane denne sommaren. Vi hadde lenge eit håp om at innlandet ville redde situasjonen, men diverre ser vi at også det indre Austlandet får dårlege avlingar, seier Torleif Müller, kulturansvarleg for jordbær i Gartnerhallen.

Müller legg til at Gartnerhallen har bedt om å få importere produksjonsklare jordbærplantar, men førebels er det forbode å importere slike plantar til Norge.

- Vi er ennå inne i jordbærsesongen, men eg er redd for at ein tredel av jordbæravlinga sett på landsbasis ikkje dukkar opp i år, seier Torleif Müller.

Det er lite å gjere med årets sesong, men no vil enkelte bønder at det skal bli lettare å få tak i importerte jordbærplantar i Norge.

- Vi ynskjer at det skal bli letta på krava. I Norge har vi for liten produksjon til å dekkje etterspurnaden. Dette viser seg spesielt i år, der så mange har lidd under den harde vinteren, framheld Torleif Müller.

I dag er det ikkje lov å importere jordbærplantar til Norge på grunn av frykt for sjukdom, men no har Mattilsynet tilrådd at import blir vurdert på nytt. Det same har Gartnerhallen gjort.

- Dersom vi hadde fått importere, så kunne vi ha planta i april og bæra ville ha kome til rett tid, slår Torleif Müller fast.

Kritisk til importplantar

Audun Skjervøy er kritisk til import av jordbærplantar:

- Det er slett ikkje alle jordbærprodusentar som er einige i at import av produksjonsklare plantar er ein god ting. Eg er kritisk til slik import. Det kan føre til import av skadegjerarar som vi ikkje har i bærproduksjonen no. Det vil gjere konkurransesituasjonen for norske planteprodusentar svært vanskeleg. Vi kan få ei dreiing mot mindre smaksrike sortar - nokre av dei sortane som gjerne blir importerte som konsumbær i dag, og som folk vel vekk når dei norske bæra kjem på marknaden.

Det norske klimaet gjer det vanskeleg og kostbart å dyrke fram produksjonsklare plantar som kan konkurrere i pris med dei som kjem frå land lenger sør i Europa - fyrst og fremst Nederland, som er stor på denne produksjonen, seier Audun Skjervøy.

LES MEIR I BONDEBLADET DENNE VEKA.



Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse