Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Har støtt vore interessert i landbruket

Bjørn Sverre Grjotheim (22) er leiar i Lom Bondelag på fyrste året. Han har vore med i lokallagsstyret i to år før dette, og vart vald til leiar på årsmøtet i fjor haust.

Allereie som 17-åring melde Bjørn Sverre seg inn i Bondelaget.

- Eg har støtt vore interessert i kva som skjer i landbruket. Etter mi meining er det viktig å vise engasjement. Det er av stor betydning å fylgje med ikkje minst i jordbruksforhandlingane, og eventuelt kome med innspel i forkant av desse. Ingenting kjem av seg sjølv. Det er mange som ikkje forstår kor viktig jobb Bondelaget gjer for landbruket, og me får ei heilt anna innsikt i dette når me er aktive i Bondelaget, seier Bjørn Sverre Grjotheim.

Dei forskjellige rabattordningane, som til dømes på bensin og diesel gjennom Agrol, og på forsikringar gjennom Gjensidige, er også fordelar ved medlemskap i Norges Bondelag, legg han til.

Lom Bondelag arbeider mellom anna opp mot landbrukskontoret når det gjeld aktuelle saker innafor landbruksnæringa, og ikkje minst rovdyrproblematikken. Det er òg viktig å informere medlemmane om rettar dei har innafor ulike felt. Må betale geologar

Dessutan jobbar Lom Bondelag ein god del med rasfareproblematikken.

- Mange bønder som skal byggje fjøs slit med dette. For fire år sidan kom det eit kart over såkalla risikoområde for snøras. Styresmaktene har bestemt ein tusenårsplan for rasfare. Dette vil seie at dei vurderer om det kan kome snøras i dei aktuelle områda i løpet av tusen år, held Bjørn Sverrre Grjotheim fram.

- Dette rammar både næringsdrivande og privatpersonar som skal byggje. Dei må skaffe seg geologar på plassen, som dei sjølve må betale kostnaden for. Det vert ein utruleg større meirkostnad både for å få geologen opp hit, og eventuelt dersom det må ein prosess med rassikring til attåt. Me tykkjer det er meiningslaust at ikkje Lom kommune eller andre offentlege organ er villig til å betale desse utgiftene, all den tid det er styresmaktene som har bestemt at det skal vere slik, seier Bjørn Sverre Grjotheim.

Geologen som kjem bestemmer kva tiltak som må til for å få løyve til å byggje - til og med dersom ein berre skal byggje på 20 kvadratmeter! Eller setje opp eit hjørne på eit fjøs - dette sjølv om det står eit fjøs der frå før!

Grjotheim meiner at lokale kunnskapar bør få avgjere kvar ein kan få byggje, for befolkninga i Lom veit utmerka godt sjølve kva plassar det kan kome ras på. Dei har gjennom uminnelege tider bygd der det er trygt å byggje. Overta til nyttår

- Det er eit gjevande yrke å vere bonde. Ingen arbeidsdag er lik, slår Bjørn Sverre Grjotheim fast.

Han skal overta heimegarden frå 1. januar 2014. På garden er det mjølkeproduksjon med kvote på 125.000 liter, av dette 65.000 liter eigen kvote. Eigenproduserte kalvar vert fôra opp til slakt.

Grjotheim har også 20 vinterfôra søyer, men vil med tid og stunder byggje opp sauebuskapen. I løpet av vinteren er planen òg å byggje ny ungdyravdeling.

Garden er på 65 mål, slik at Grjotheim i hovudsak baserer seg på leigd jord og som nemnt leigd kvote. Dei leiger 190 mål rundt omkring i bygda. Det er 12 kilometer til arealet som ligg lengst unna garden. Driv leigekøyring

Annonse

Bjørn Sverre Grjotheim driv òg leigekøyring med traktorutstyr, og sel noko ved heime på garden.

Leigekøyringa består av brøyting og vedlikehald av vegane for Lom kommune, og slåing av gras, møkkakøyring og rundballepressing for bønder i Skjåk, Lom og Vågå.

Grjotheim reknar med at han køyrer 1500 timar i året med traktoren. Det vert lange dagar - ofte ein arbeidsdag på 20 timar - men far Sverre deltek aktivt i mjølkeproduksjonen, noko han vil halde fram med etter at Bjørn Sverre overtek frå neste årsskifte.

Hovudinteressa til Bjørn Sverre Grjotheim er landbruk og landbruksmaskinar. På øvste hylle kjem Massey Ferguson, som han er levande interessert i.

Bjørn Sverre sel for øvrig utstyr for Eikmaskin på Vinstra. "Tut og køyr"

Av meir artige innslag, arrangerte Lom Bondelag og Aktiv i Lom ein uhøgtideleg grendameisterskap med bil og traktor, samt ei lita utstilling, den 22. juni. Arrangementet heitte "Tut og køyr", og det var Bjørn Sverre Grjotheim og kvinnfolket hans, Marit Sletten, som sto bak arrangementet.

Då stilte folk med lag med fire personar på kvart, og det vart ein stafett med tre etappar.

På de to fyrste etappane var det traktorkøyring, og den siste med bil. I heile løypa gjaldt det å avpasse farten; å køyre for fort skal ikkje løne seg. Det laget som har den stuttaste tida - feil undervegs gjev tilleggssekund - vert vinnaren.

Sjølve køyringa skal vere morosam og underhaldande, så dette var ingen for vanskeleg konkurranse.

Eiksenteret og AK-maskin stilte med traktorar, og før konkurransen byrja vart det moglegheit til å gjere seg kjent med utstyret. I tillegg til konkurransen var det ei utstilling av bil og traktor.

- Dette var tydelegvis eit populært tiltak som me gjerne tek opp att neste år, seier Grjotheim.

No har det for øvrig også kome bygdeungdomslag i Lom, som er svært interessert i nye medlemmar.

- Her er det ungdom som styrer organisasjonen og som interesserer seg for bygdepolitikk og kva bygda har og by på. Me vil ha levande og aktive bygder, slår Bjørn Sverre Grjotheim fast til slutt.

Neste artikkel

Optimisme for ny byggsort