Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Fylkesmannen seier nei til juletreproduksjon

Bondebladet.no
Publisert: 10.06.12 12:00

Det har ved fleire høve vore diskusjonar om bruk av jordbruksjord til juletreproduksjon, og Fylkesmannen har klårt fremja synspunkt om at god matjord i beste klimasone må nyttast til matproduksjon. Det er stort potensial for auka juletreproduksjon i Rogaland utan å ta i bruk flat fulldyrka jord i aktive jordbruksområde, også i delar av Sandnes kommune.

Saka gjeld omdisponering av 43 dekar god dyrka jord til juletreproduksjon, skriv Fylkesmannen i Rogaland.

Fylkesmannen meiner omdisponeringsvedtaket i Sandnes formannskap den 17.04.2012 er i strid med jordlova, der vi i vurderinga har lagt vekt på at jordbruksareal med så god kvalitet bør nyttast til matproduksjon. Det er mellom anna vist til det nasjonale målet om auka matproduksjon, heiter det frå Fylkesmannen.