Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Byrkjelo Kraft betalte 141 prosent skatt

Byrkjelo Kraft måtte skatte 141 prosent av resultatet i fjor. I tillegg kom eigedomsskatt og avgifter. Blir ikkje reglane endra, kan grunneigarane måtte redusere straumproduksjonen for å tilpasse seg skattereglane.

- Tre millionar er eit veldig godt resultat for ein så liten bedrift. Det er ikkje mange her i Gloppen kommune som har eit så godt resultat, seier Ole Øystein Kleppe, mjølke- og kjøttbonde og ein av eigarane av Byrkjelo Kraft AS.

- Men det hjelper ikkje, det, når skatten vår er fire og en halv million, held fram han, og alle deleigarane rundt han ler.

For galgenhumoren sit laust i kraftselskapet.

Men om kraftbøndene framleis klarer å spøkje, er situasjonen alvorleg. 141 prosent skatt

I 2010 var resultatet deira før skatt knappe 2,9 millionar kroner.

Men berre grunnrenteskatten var på nesten tre millionar, 80 000 kroner meir enn heile overskotet deira.

I tillegg måtte dei betale naturressursskatt og selskapsskatt, slik at skatten vart på nærmare 4,1 millionar, tilsvarande 141 prosent av resultatet.

Legg vi på eigedomsskatten og konsesjonsavgifter nærmar beløpet seg 4,8 millionar, eller 165 prosent av resultatet.

- Hadde det ikkje vore så dyrt, hadde det i grunn vore moro - at ein kan få 165 prosent skatt. Det er litt uforståeleg, seier Margunn Bjørkelo.

- Det er greitt at ein skal bli hardt beskatta, men alt som er over 100 prosent synest eg er i meste laget, flirer naboen Anders Bjørkelo. Skattar av fantasipengar

At grunnrenteskatten, som ifølgje skattemyndigheitene er på 30 prosent, kan bli meir enn heile resultatet deira, skuldast berekningsmetoden.

Det er dyrt å bygge eit kraftverk. 86 millionar kosta det å bygge anlegget til Byrkjelo Kraft. Difor ville banken at dei skulle inngå ein fastprisavtale for fem år. Avtalen skulle sikre at dei kunne betale renter og avdrag på lånet, kva enn som skjedde.

Difor inngjekk dei ein avtale om ein fast pris på halvparten av straumen dei produserer frå 2008 til og med 2012. Avtalen beskriver dei som god.

Men i 2010 steig spotprisen så høgt at Byrkjelo Kraft hadde tent 2,75 millionar meir om dei hadde seld all straumen til spotpris. Irriterande nok i seg sjølv, kanskje, men problemet er skatten:

For grunnrenteskatten blir ikkje berekna av kva dei faktisk tente, men kva dei hadde tent, om dei hadde seld straumen til spotpris.

Dei 2,75 millionane dei ikkje tente, må dei dermed betale godt over 800 000 i grunnrenteskatt for.

Kraftmangel med påfølgjande høge prisar er dermed dårleg nytt for kraftbøndene i Byrkjelo.

- Viss spotprisen blir skyhøg, veit vi ikkje kor vi endar. Det er totalt urimeleg at vi må betale skatt av fleire millionar vi ikkje har tent, seier Margunn Bjørkelo. Ikkje trekkje frå utgiftene

Og dei spesielle reglane stoppar ikkje der.

Kraftselskapet kan ikkje trekkje frå renteutgiftene sine, som var over fire millionar kroner i fjor, før grunnrenteskatten vert berekna. Heller ikkje kan dei trekkje frå falleiga eller salsomkostnadane.

- Kva for andre produksjonsbedrifter godtek å ikkje kunne trekkje frå utgiftene før skatten blir berekna? Hadde andre hatt våre skattereglar, hadde halve Noreg vore konkurs, seier Ole Øystein Kleppe. Må selje eller avvikle delar

Dermed gjekk bedrifta som produserte nesten 46 GWh klimavenleg kraft i fjor, med eit millionunderskot.

- Viss vi ikkje får gjort noko med reglane, må vi anten selje kraftverket eller avvikle så mykje av det at vi kjem under 5,5 kVa, seier Atle Støyva.

For kraftverk under 5,5 kVa (kilovoltampere), eller 5 MW (megawatt), har ikkje grunnrenteskatt.

Annonse

- Vi er nesten dei einaste som er privateigde som er over den grensa, fortel Anders Bjørkelo.

Derfor vurderar Byrkjelo Kraft å redusere straumproduksjonen kraftig. Vatnet fell uansett, og anlegget som kan omskape det til klimavenleg energi er allereie bygd, investeringane er gjort. Men på grunn av grunnrenteskatten kan det løne seg å la kraftverket gå for under halv maskin. Skattetilpasning

Anlegget til Byrkjelo Kraft har ein effekt på 12,8 MW, langt over grensa på 5 MW.

Men 25 grunneigarar eig kraftverket saman. Dermed står kvar av dei berre for 0,51 MW i snitt. Det har ikkje betydning for skattemyndigheitene. Dei bereknar likevel grunnrenteskatt.

Dei 25 kunne gått saman åtte og åtte, og bygd tre kraftverk. Då hadde dei også sloppe grunnrenteskatten. Men skattereglane var ikkje så tøffe på den tid, og den beste samfunnsøkonomiske utnyttinga var at dei bygde eitt kraftverk saman, og at dei utnytta kapasiteten i Byrkjeloelva når dei først bygde. Og det var det dei gjorde.

No angrar dei.

Dei vurderer å ta maskiner ut av drift, for å kome under grensa på 5 MW.

- Gjer vi det, blir investeringane forholdsvis store i forhold til produksjonen. Men vi ville likevel kome klart betre ut i 2010, seier Atle Støyva.

- Kor mykje straum går Noreg glipp av då?

- 30 millionar kilowattimar, nok til 1600-1700 husstandar, svarar Ole Øystein Kleppe. - Låne for å betale skatt

I 2010 gjekk selskapet 1,4 millionar i minus etter skatt.

Likevel har grunneigarane ikkje måtta spytte pengar inn i drifta endå.

Selskapet hadde store utgifter før dei starta straumproduksjonen i 2007, og ingen inntekter. Dermed fekk dei eit stort framførbart underskot dei kunne bruke til å redusere skatten med seinare. Det brukte dei i 2007 og 2008, og resten i 2009. Dermed bygde dei seg opp eit overskot i denne fasen. Det er dette overskotet dei tærar på no.

- Det er derfor det går. Elles måtte vi tatt opp lån, forklarar Alte Støyva.

- For å betale skatt. På inntekter vi ikkje har hatt, seier Margunn Bjørkelo. - Umogeleg å tene pengar

- No er det ikkje så mykje igjen å tære på, fortel Støyva.

- Då slit vi. Da må vi anten låne pengar for å betale skatt, eller så må vi inn med eigenkapital. Eller så er vi konkurs. Då ber det til skifteretten, seier Ole Øystein Kleppe.

- Vi kan ikkje låne pengane. Det blir jo det same året etter, argumenterer Margunn Bjørkelo til dei andre.

- Nei, vi får ikkje eit så stort sprik mellom spotpris og oppnådd pris igjen, meiner Atle Støyva.

- Det veit vi ikkje. Og i fjor slo vi spotprisen med to millionar, og då hadde vi likevel nesten 80 prosent skatt, argumenterer Anders Bjørkelo.

- Det er umogeleg å tene pengar, erkjenner Atle Støyva.

- Det er ein grunn til at ingen byggjer over 5,5 kVa, konkluderer Anders Bjørkelo.

LES HEILE SAKA I BONDEBLADET.

Neste artikkel

Uendra mjølkekvoter for 2018