Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

4H har laga 168 naturmøteplassar

Bondebladet.no
Publisert: 12.06.12 12:00 | Oppdatert: 25.02.14 12:01

På slutten av 2008 vann 4H Norge «årets gåve» på 10 millionar frå Sparebankstiftelsen DnB NOR med prosjektet Miljøløftet - unge krefter for ei miljøvennlig framtid. Målet var å byggje 150 naturmøteplassar i landet, og å løfte miljøengasjementet hjå born og unge. Prosjektet nærmar seg no slutten og 4H Norge har altså bygd 168 naturmøteplassar så langt.

Opne, tilgjengelege møtestadar

4H i Sogn og Fjordane toppar statistikken når det gjeld bygging av nye naturmøteplassar.

- Det er heilt utruleg å sjå alt det flotte 4H-arane i lag med samarbeidsorganisasjonar, foreldre og andre støttespelarar har klart å få til! Hundrevis av born og unge har lært både byggjeskikk og om natur og miljø. Prosjekta har utløyst svært mange dugnadstimar og mange bygder i fylket har fått ein ny, flott samlingsstad, seier Åge Avedal, 4H-konsulent i Sogn og Fjordane, til fylkesmannen.no.

Naturmøteplassane i 4H er opne, tilgjengelege og familievenlege møtestadar for miljøaktivitetar. Mange av 4H-klubbane og 4H-gardane har valt å byggje gapahuk, gamme, grindbygg eller grillhytte som sin naturmøteplass. Dei har òg tilrettelagt området rundt med turstiar og aktivitetsløyper, eller har investert i friluftsutstyr som kanoar, båt, bålutstyr eller lavvo.

Naturmøteplassen Trollstein I Fortun Med Åtte Klatreruter - Foto Hilde Sværen

TROLLSTEIN: Ein av dei mest spektakulære naturmøteplassane i Sogn og Fjordane er «Trollstein» i Fortun i Luster, der 4H-klubben har laga åtte ruter for fjellklatring av ulik vanskegrad. (Foto: Hilde Sværen, 4H Sogn og Fjordane)

Les også: Regjeringen vil styrke friluftslivet

Utviklar bygda

- Gjennom arbeidet med naturmøteplassar og natur- og miljøarrangement har 4H-klubbane vore med å utvikle bygda si og skapt nye sosiale møtestadar i friluft, seier 4H-konsulenten.

Mange av naturmøteplassane er allereie mykje i bruk, medan andre er under bygging. Det er framleis midlar igjen i Miljøløftet. Kvar naturmøteplass kan få inntil 35 000 kroner i støtte. Mange av naturmøteplassane har òg fått støtte via andre ordningar, som Gjensidigestiftelsen, Sparebankstiftelsen, LA21-midlar gjennom fylkeskommunen, nærmiljømidlar eller frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane.

Fresvik 4H Har Bygd Grillhytte Som Vart Opna I Oktober 2011 - Foto Hilde Sværen (3)

GRILLING: Grillhytta til Fresvik 4H vart opna i oktober 201. (Foto: Hilde Sværen)

Les også: Økomelk feiret med økofrokost


Annonse
Annonse
Annonse