Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Vil skapa levande nærbutikkar

Har opna to landhandleri med lokal gardsmat.

Bondebladet
Publisert: 28.12.16 09:51 | Oppdatert: 28.12.16 12:50

I Evanger og på Kvamskogen, mellom Bergen og Hardanger, har Monika og Ove Henning Bjørsvik skapt nytt liv med landhandleri.

I Evanger starta dei for to år sidan, og på Kvamskogen opna dei landhandleri i den gamle NAF-bygningen i desember.

Gardsmat frå regionen

I landhandleria tilbyr dei gardsmat frå leverandørar rundt om i Hardanger, Voss, Vaksdal og Samnanger.

Samtidig har butikkane dei tradisjonelle daglegvarene ein treng.

Det starta med at Ove Henning Bjørsvik kjøpte ein gard i Evanger i 2012.

Sjå video: Ettertrakta pinnekjøt frå Evanger

Bjørsvik var mykje her oppe og sette i stand bygningane, og då butikken i bygda vart lagt ned i 2014, kjøpte dei opp denne og starta med landhandleri.

– Vi starta hausten 2014 og fekk ein tung start med den forrykande oversvømmelsen som var her denne hausten. Men vi kom oss vidare og fekk butikken opp og gå. Vi satsar mykje på lokalprodusert mat og drikke, seier Monika Bjørsvik.

Landhandleriet i Evanger har kjøt, pølser, ost, honning, syltetøy, saft og mykje anna, blant anna 130 sortar med øl, i butikken.

Mange hyttekundar

– I Evanger har vi mange kundar som er på gjennomreise eller på veg til hyttene sine på Voss eller i Myrkdalen. Ofte vil dei ha med seg matvarer som er produsert i nærområdet. Men vi har og mange faste kundar frå området her i butikken, seier Bjørsvik.

– No kjem vossingane her for å handle lokalmat, framfor at vi må reise til Voss, legg ho til.

Evanger Landhandleri baker eigne brød. I vekene før jul bakar dei og julebrød.

– Vi brukar økologisk mjøl frå Holli Mølle i Hobøl til bakinga, og bakevarene er populære. Vi ønskjer å vere ein stad der folk stoppar opp for å kjøpe lokalmat, seier Bjørsvik.

Stor hytteby på Kvamskogen

Kvamskogen er fjellplatået mellom Samnanger og Kvam. Staden er ynda utfartsstad for folk i Bergens-regionen, særleg om vinteren.

Kvamskogen har ein stor hytteby med rundt 1500 hytter. Her kan vere eit yrande liv i helgane, særleg når det er skiføre.

– Vi skal bidra til at Kvamskogen får eit levande sentrum igjen, seier Monika og Ove Henning Bjørsvik



VELKOMMEN TIL DEBATT PÅ BONDEBLADET.NO

Les våre debattregler her.
comments powered by Disqus
Annonse
Annonse
Annonse