Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ung sauebonde på Halsnøy

Bernt Mehammer Tofte (15) ventar 45 lam til våren.

Bernt Mehammer Tofte tar sauestellet før han går på skulen. Han vil driva med sau i framtida og har planar om å byggja nytt sauefjøs på garden som foreldra har kjøpt på Halsnøy. Foto: Rita Isdal Cunningham

Hausten 2014 var Bernt Mehammer Tofte med på sauesanking, og det var då han forstod at sauer ville bli ein del av livet hans.

Etter sankinga fekk Bernt låna tre sauer og plass i sauefjøset hos naboen, Øystein Thormodsæter.

Les meir: 16 år og sauebonde i Melhus

– Etter det bestemte eg meg for å auke drifta. Eg fekk sju villsauer av Øystein og kjøpte nokre i tillegg. Eg arbeider veldig godt saman med han. Mor mi står som eigar av føretaket, fordi eg er ikkje gamal nok enno, seier Bernt som går i 10. klasse ved Øyatun ungdomsskule på Halsnøy.

25 villsauer på Tofteøya

No har Bernt 25 villsauer som går på Tofteøya, og i tillegg har han kjøpt seg 11 svartfjes sauer som han har i fjøset til Øystein. Familien til Bernt har nyleg kjøpt eit småbruk på Halsnøy i Kvinnherad.

– Villsauene et jo alt mogleg, så dei tar eg heim om sommaren og brukar dei som «beitepussarar». Eg kjem til å satsa på svartfjes og villsau. Det er det enklaste, og eg har også planar om å byggja nytt sauefjøs. Eg håper det kan stå klart i 2020.

Våren 2016 fekk han 20 lam og i fjor haust leverte han 11 vêrlam til slakt hos Fatland Ølen.

– Alle pengane eg fekk til konfirmasjonen i fjor vår har gått til innkjøp av sauer og utstyr, seier Bernt, som meiner han har investert over 100 000 kroner til saman.

Annonse

– Mamma og pappa synest dette er spennande, sjølv om dei ikkje har bakgrunn frå gard, seier han.

Tidleg oppe

Til våren reknar Bernt med å få rundt 45 lam. Han arbeider litt som avløysar og, og enkelte dagar er han opp i 4–5 tida for å rekke fjøsarbeidet før skulen.

Til hausten ventar vidaregåande skule.

– Eg har ikkje heilt bestemt meg enno, men eg trur det blir bygg og anlegg, og at eg tar naturbruk etterpå. Eg har lyst til å bli maskinførar, i tillegg til å vera bonde, seier Bernt.

Nyleg melde han seg inn i Bondelaget.

– Eg lyst til å engasjera meg, og vil gjerne bli aktiv i lokallaget her på Halsnøy. No har eg søkt om produksjonstilskot, og dei er veldig positive i kommunen til drifta mi. Det er mange her på øya som gir meg gode tilbakemeldingar, seier den unge sauebonden.

Les meir: Nytt Reime-gulv kollapset

Neste artikkel

Krevende å bygge opp med sau nå