Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Uendra mjølkekvoter for 2018

Tine nådde ikkje fram.

Viderefører: Tine ønska å auke forholdstalet for kumjølk, men departementet har bestemt å vidareføre forholdstalet som det er. (Foto: Tine)

Landbruksdepartementet har i dag fastsett forholdstalet for disponibel kvote for kumjølk til 0,98, og forholdstalet for disponibel kvote for geitemjølk til 0,96, for kvoteåret 2018.

Dette er ei vidareføring frå kvoteåret 2017 for både ku- og geitemjølk.

Avgjersla vart tatt etter kvotedrøftingar med Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag.

Marknadsregulator Tine ønska derimot ein auke på éin prosent for kumjølk, til 0,99.

I bakhovudet har Tine smørkrisa i 2011.

Annonse

– Det er ei lita bekymring rundt fettbalansen som gjer at vi aukar med éin prosent, for å være tryggare, seier konsernsjef Hanne Refsholt i Bondebladet nr 46.

Både Bondelaget og Småbrukarlaget ønska å vidareføre dagens forholdstal.

Meir om saka kan du lese i Bondebladet nr 46 og Bondebladet nr 47.

Neste artikkel

Juleulv skaper harme