Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Stadig fleire stjerner til norske råvarer

Sist veke kom Michelinguiden med si mykje omtala stjernekåring av restaurantar i Norden. Maaemo i Oslo var den fyrste norske restauranten som fekk tre av tre moglege stjerner i den berømte guiden i 2016. Dei klarte å halde på dei tre stjernene i 2017.

Etter guiden si vurdering kan ein altså ete på ein av dei beste restaurantane i verda – i Oslo. I alt fem restaurantar i Norge er med i guiden i 2017.

Bocuse d`Or er ei stor kåring mellom dei beste kokkane i verda. Norge har sidan 1991 sikra seg heile sju gull, tre sølv og to bronse totalt i denne kåringa. På medaljestatistikken er Norge på andre plass, etter Frankrike.

Desse kåringane, saman med fleire andre kåringar, betyr mykje for Norge som matnasjon. Det som går igjen er at mange av restaurantane og kokkane som vinn og får god omtale, skryt av norske råvarer. Og stjernekokkane veit kva dei snakkar om.

Det set sine klare, positive spor. Oppslutninga om norsk mat er større enn nokon gong tidlegare, viser ei måling som Matmerk gjennomførte i 2016. Det norske folk er meir opptekne av norske bønder, norske råvarer og norsk matindustri.

Annonse

Vi har òg mattryggleik og ei dyrehelse som er heilt i verdstoppen. Flinke bønder, kaldt klima, godt avlsarbeid og gode kontrollrutinar er fundamentet i dette.

Matstreif og dei mange andre matfestivalane har òg betydd mykje for norsk mat. Det har skapt ei mykje sterkare stoltheit hos bonden, distributøren, kokken, turistverten og hos folk flest.

Reiselivsnæringa har dei siste åra blitt mykje flinkare til å vise fram norsk mat, og særleg lokalprodusert mat. Men enno kan det gjerast meir for å tilby norsk mat og mattradisjonar til turistar frå inn- og utland. Fleire og fleire spør etter akkurat dette.

Neste artikkel

Rettferd for sauebøndene