Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Sogn og Fjordane størst på bringebær

Fylket har 2/3 av bringebærproduksjonen i Norge.

Bærfylke: Sogn og Fjordane er blant dei fire største bærfylka i landet. Det viser nye tal frå Nibio. (Foto: Lars Olav Haug)

Spesielt dei siste 10–15 åra har det vore ei rivande utvikling innanfor bærproduksjon. Fylket er blant dei fire største bærfylka i landet, særleg på bringebær, skriv Nibio.

– Engasjerte gardbrukarar har i samarbeid med landbruksrådgiving og forvaltning lagt til rette for nyskaping og framgang, seier landbruksdirektør i Sogn og Fjordane, Christian Rekkedal.

Morellproduksjonen i Lærdal representerer enkelte år også det største volumet i landet.

Mykje mjølk

Men også mjølk står sterkt i Sogn og Fjordane-jordbruket. 98 prosent av jordbruksareala i fylket er brukte til anten innmarksbeite eller gras. Det gir grunnlag for eit jordbruk med stor husdyrproduksjon.

– Husdyrproduksjon er svært viktig for oss. Vi har stor mjølkeproduksjon både frå ku og geit. I produksjon av geitemjølk er vi nest størst i landet, seier Rekkedal.

Trass i over 40 prosent nedgang i talet på mjølkebønder dei siste tiåra, viser det seg at mjølkeproduksjonen held seg ganske stabil mellom 100–106 millioner liter.

Tre prosent av landarealet i Sogn og Fjordane er jordbruksareal. Det er 532 500 dekar, eller omtrent storleiken på Gulen kommune, og utgjer fem prosent av jordbruksarealet i Noreg.

Annonse

Tala er henta frå nyleg oppdaterte arealbarometer frå Nibio.

Press på matjorda

Sogn og Fjordane har mykje areal per innbyggjar. Likevel er det ofte stort press på å bruke matjord til andre føremål når nye vegar skal førast fram og næringsareal tilretteleggjast.

Dei beste jordbruksareala i fylket ligg der flest folk bur, det vil seie ved elvesletter eller i slake lier opp frå sjøen. Typiske døme er Førde, Nordfjordeid, Stryn og Lærdal, skriv Nibio.

Landbruksdirektør Rekkedal meiner gode planprosessar er avgjerande for å sikre jordvernet.

– Vi har ikkje matjord å miste, så da gjeld det å prioritere strengt og tenke alternative løysingar når presset på matjorda er der, seier landbruksdirektøren.

Neste artikkel

Forsker: Behov for ny forvaltning av husdyrgjødsla