Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Slett arbeid av regjeringa

I forslag til statsbudsjett er det mykje trist lesing for landbruket sin del, forslag som rammer hardt. Våren 2017 vedtok Stortinget å auke EU sin importkvote til Norge med 1 200 tonn ost og tredoble importen av storfekjøt.

Auken i ostekvoten frå EU svarar til produksjonen på rundt 70 vanlege mjølkebruk her i landet. Dette kjem altså i tillegg til utfasinga av eksportstøtta til Jarlsberg-ost, som vil ramme nærmare ti prosent av norsk mjølkeproduksjon.

Nedskaleringa vil bety eit stort bortfall av inntekter for norske bønder. Stortinget bad derfor regjeringa om å fremme kompenserande tiltak i statsbudsjettet for 2018, men dette er ikkje nemnt med eitt ord i forslaget.

Regjeringa tek altså ikkje omsyn til det Stortinget bad om, og konsekvensane kan bli store for norsk mjølkeproduksjon si konkurransekraft. Her må ein inn med tiltak og kompensasjon i statsbudsjettet.

EU har dobla eksporten sin av landbruksvarer til Norge dei siste 10 åra, mens eksporten frå Norge står omtrent stille. Forholdet i handelsbalansen er no 1 til 6 i favør av EU. På sikt kan dette få store konsekvensar for norske bønder og for norske industriarbeidsplassar.

Annonse

I regjeringsplattforma som Høgre og Frp la fram for fire år sidan, lova dei å «opne for ei fondsordning i jordbruket etter modell av skogbruket». Det er ein modell der bønder kan setje av pengar til investeringar mot skattelette. I statsbudsjettet er ei slik fondsordning vurdert, men regjeringa avlyser sitt eige løfte.

I forslaget vil regjeringa fjerne alt tilskot til frivillige organisasjonar over Landbruk- og matdepartementet sitt budsjett. Dette forslaget er dramatisk.

30 milioner kroner til mange små og store foreiningar, blant anna 4H, som gjer eit viktig arbeid i heile landet, er foreslått kutta. Det er snakk om arbeid for barn og unge, å byggje kunnskap om sunn mat, helse og grøne verdival. Dette forslaget står til stryk.

Neste artikkel

– Hvor mange gårdsbruk vil du ofre, Hoksrud?