Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Samarbeid har gitt felles løft

Fjellandbruksprosjektet starta opp i 2013, som eit resultat av jordbruksforhandlingane.

Det vart sete av seks millionar kroner til ei fjellandbrukssatsing i fylka Buskerud, Telemark, Hedmark, Oppland, Nord- og Sør-Trøndelag for perioden 2014–16.

Målet for satsinga har vore å styrke grunnlaget for berekraftig verdiskaping i fjellområda, blant anna å auke volumproduksjonen av mjølk og kjøtt basert på grovfôr, og bidra til meir lønsemd.

Fjellandbruksprosjektet har prioritert gode faglege miljø, med møteplassar og besøksordningar for bønder med same produksjonar. Det har gitt gode resultat.

På slike møteplassar blir det snakka fag og erfaringar, samt at det er sosialt. Prosjektet har styrka fagmiljøet, meiner fleire bønder, blant anna Mette S. og Erling B. Semmingsen i Tynset, sjå sak side 14-15.

Annonse

Dei kom frå Østfold og Oslo for å overta garden i 1980. No driv dei mangesysleri på høgt nivå med sau, mandelpotet og fisketuristar på jakt etter aure og harr.

«Gjennom å tenke sammen løfter vi hverandre. Man kan glede seg over å finne fellesskapsløsninger, og glede seg over andres suksess. Det er spesielt viktig å skape gode miljøer i ei bygd hvor det er «langt til alt». Samarbeidsmiljøer er viktig fordi kunnskap er framtida», seier de to.

Det er ei drøss av prosjekt i landbruket. Dette prosjektet kan ha overføringsverdi til andre område i Norge. Det handlar om å få opp energien som fins i det aktuelle området – i etterkant kjem det ofte meir. •

Neste artikkel

Rettferd for sauebøndene