Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Salet av kylling vidare opp

Rundt tre prosent opp i forhold til same periode i 2015.

Salet av slaktekylling tar seg opp, og marknaden er i balanse, melder Landbruksdirektoratet. Det gir rom for å auke produksjonen framover. (Foto: Marit Glærum)

I fyrste halvår 2016 blei det slakta om lag tre prosent meir kylling enn i same periode i 2015.

Den siste produksjonsprognosen frå Landbruksdirektoratet syner at produksjonen av slaktekylling i 2016 vil ende på om lag 85 600 tonn, opp 6,5 prosent frå 2015.

Les meir: – La om til narasinfrie kyllinger på rekordtid

Førebels prognose for 2017 syner at produksjonen vil auke vidare med 7 prosent neste år, men at han framleis ikkje vil vere heilt på nivå med produksjonen i 2014.

Annonse

Salet av slaktekylling fall betydeleg i andre halvår 2014 og gjennom 2015. Svikten i salet førte til at det bygde seg opp store lagre av kyllingkjøt, og det blei nødvendig å redusere produksjonen.

I 2015 gjekk produksjonen av kyllingkjøt ned med heile 14 prosent frå året før.

Les meir: Nortura meiner kyllinghus kan byggast om til ammeku

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag