Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Rekordhøg kornproduksjon globalt

Høg maisproduksjon i Sør-Amerika har trekt opp tala.

Rekord: Den samla kornproduksjonen i verda har vore rekordhøg denne sesongen (Foto: Bondebladet)

Den samla kornproduksjonen i verda har vore rekordhøg denne sesongen, ifølgje dei siste prognosane. Det meldar Landbruksdirektoratet på sine heimesider. Dermed ligg det an til at kornlagera blir svært store før det nye marknadsåret byrjar i sommar.

I Noreg har den kalde våren gjort at mange har utsett våronna. Trass i ein mild mars månad, har dei kalde nettene fleire stader i landet kombinert med flere dager med snø seint i april bidroge til dette.

Tilhøva ser likevel gode ut for kornet som vart sådd i haust, og så langt ligg det derfor an til eit godt kornår her heime, meldar direktoratet.

Den gode tilgangen på korn har også bidrege til at prisane fall i april. Prisane på nokre proteinråvarer til kraftfôr var likevel høgare enn månaden før, og Landbruksdirektoratet sette difor ned tollen frå 1. mai.

Les også: Tror på matkorn-lager ved regjeringsskifte

Rekordstore avlingar

Det er godt med korn på verdsmarknaden i 2016–2017. Prognosane frå både det amerikanske landbruksdepartementet, USDA, og det internasjonale kornrådet, IGC, blei heva i april, til høvesvis 2 097 og 2 111 millIonar tonn korn denne sesongen. Det er ny rekord, og det er fyrst og fremst den høge maisproduksjonen i Sør-Amerika som har trekt opp tala den siste månaden.

Annonse

Produksjonen av soyabønner, som ikkje reknast som korn, er også den største nokon sinne. Etterspurnaden er også venta å auke samanlikna med i fjor, men det er likevel rom for solide kornlagre på slutten av sesongen.

Samstundes ser forholda gode ut for produksjonen i neste sesong. Trass i litt tørke i nokre deler av EU og i Svartehavsregionen, ventar ein gode kveiteavlingar i 2017–2018.

Les også: Jordbruksoppgjøret: Krever 1450 millioner

Mykje korn gir lågare prisar

Dei gode avlingane har bidrege til at kornprisane har falle den siste tida. Trass i ein liten auke i slutten av april, ligg kveiteprisane heile sju prosent lågare enn den siste toppen, som var i midten av februar. Prisane ligg likevel høgare enn før årsskiftet, då dei fekk ein kraftig oppsving. Prisindeksane for både mais og soya ligg på si side på det lågaste nivået på eitt år, syner prisindeksen frå IGC.

Les også: Mener vi må ha korn i beredskap

Neste artikkel

Tørken preger FK Agris utvikling andre kvartal