Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Praksis sørger for god læring

Praksisperiodar er den undervisningsformen som bidrar mest til læring. Det viser nye resultat frå den årlege nasjonale studentundersøkinga (NOKUT 2017).

Det er studentar med praksisperiodar som undervisningsform, som har svart dette. Kun halvparten av studentane svarer at praksis blir nytta i større eller mindre grad ved studieprogrammet deira.

Høgskolen i Innlandet skal no greie ut om Blæstad skal vere ein del av framtida. Skal jordbruksstudiane halde fram her, må skulen rustast opp. Alternativt er om avdelinga på Blæstad skal flyttast til Evenstad, eller om det finst andre løysingar.

No fryktar mange at ved ei eventuell flytting til Evenstad, blir praksisen borte. Det kan føre til at talet på søknader går ned og studiane til slutt blir avvikla.

Blæstad er eit godt varemerke i landbruket i dag. Den tidlegare høgskulen har ein lang historie som arena for landbruksutdanning, og har vore rekna som ei svært nyttig utdanning, med stor vekt på praksis, innanfor landbruket. Landbrukssenteret Blæstad blei etablert i 2009. Senteret huser landbruksrelaterte verksemder.

Annonse

I dag tilbyr Blæstad bachelorstudium i agronomi og landbruksteknikk, i tillegg til ei mastergrad i berekraftig landbruk. Svært mange av søkarane til Blæstad legg vekt på at det er praksis i studiet. Blæstad har, i motsetnad til NMBU på Ås, heldt fast ved den praktiske delen av studiet.

Studentane frå Blæstad har lenge vore sterkt ettertrakta i bransjen, både som landbruksrådgivarar og i teknikk- og maskinsbransjen. «Learning by doing» er velbrukt, men ikkje oppbrukt.

Høgskolen i Innlandet må satse vidare på Blæstad, og utvikle eit moderne campus innanfor jordbruksutdanning. Det vil lokke nye studentar til ei etterspurt utdanning med vekt på praksis.

Neste artikkel

Trives godt som lærling ved NMBU