Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ove Ommundsen hardt ut mot Erik Solheim

Ove Ommundsen sparte ikkje på kruttet i landsmøtetalen sin, og Miljøverndepartementet fekk passet sitt påskrive.

- Rovviltstammane aukar, og med dette aukar problema for både husdyr og folk. Rovdyra spreier seg til stadig nye område, og det blir år for år vanskelegare å få til ei skadebasert forvaltning. Det nivået som Stortinget har sett er for lengst passert. Me har i dag om lag 70 registrerte ynglingar av jerv. I tillegg har me alle dei ynglingane som ikkje er registrerte. Stortinget sa 39, framheldt Ove Ommundsen.

Han fekk store oppslag i media, då han hevda at me har mellom 400 og 600 bjørnar i Norge.

- Men ingen forskarar eller andre kunne motbevise det, slo Ommundsen fast. Vanskeleg å koma i dialog

- Det er veldig vanskeleg å koma i dialog med det regimet som no herskar i Miljøverndepartementet. Endå vanskelegare er det å få forståing for problema våre. Det toppa seg i haust med eit brev frå Direktoratet for naturforvaltning om reduserte erstatningar. Nytt regelverk i etterkant av ein beitesesong er anten slett arbeid eller ei ynskt utvikling, sa Ove Ommundsen.

- Det er flott for Direktoratet å vise til reduserte erstatningar - det "syner" at rovviltforvaltinga verkar. Eg er freista til å tru at miljøsida har eit spikra opplegg for å få husdyra vekk frå utmarka. Førre trinn var store tap som verka inn på bonden sin psyke. Neste trinn er å få vekk erstatninga, og siste trinn er å ta vekk livskvaliteten for folk i rovviltområda generelt, heldt Ove Ommundsen fra.

Han la til at Erik Solheim no har ein unik sjanse til å motbevise dette, ved å ta ut ulveflokken i Rendalen. Nødvergeparagrafen som vart vekke

- Forslaget til nødvergeparagraf var ute på høyring for to år sidan. Den såg ut til å bli positiv for oss, men kor har den blitt av? spurde Ove Ommundsen.

Annonse

- På sentralt hald i Norsk Sau og Geit er rovdyr på dagsordenen kvar dag, men det har vore vanskeleg å få sentrale politikarar til å engasjere seg.

Tidlegare har Ommundsen tatt til orde for at nok er nok; no må me byrje å forvalte rovviltet sjølve.

- Det førte til storm og store overskrifter, og det var også meininga. Me fekk kome til orde i både radio og fjernsyn, og 80 aviser skreiv om det. Me fekk høve til å forklare folk flest om våre problem. Sjølvsagt raste miljøsida - men det som blei vanskelegast for meg, var den steinharde kritikken eg fekk frå eigne rekkjer. "Me må vere snille, seriøse og truverdige", sa folk. Men skal me vere snille heilt til den siste sauebonden er utrydda? Me går mot valkamptider no. Alle må stå på for å få rovviltdebatten inn i valkampen, fastslo Ove Ommundsen. Økonomisk løft i 2008

Ove Ommundsen var i talen sin også inne på det økonomiske løftet som sauebøndene har opplevd i 2008.

- Me er no mest på høgd med resten av landbruket. Ein kan seie at det også er dårleg, men me er i alle fall med. Det er lov å slå fast at "det går likar no", sjølv om me framleis har langt igjen til andre grupper.

Norsk Sau og Geit sine krav til årets jordbruksforhandlingar er auka investeringsmidlar, midlar til avløysing/velferd, utmarksbeitetilskot opp til 200 kroner per dyr, auka midlar til nyetablering av geit, endra vektgrense for slaktekje fra 5 og ned til 3,5 kilo, grunntilskot på geitemjølk må auke frå kroner 2,91 per liter til kroner 3,31, og prosjekta "Friskere geiter" og "Friske føtter" må fortsetje. For lite lammekjøt

- Prognosane viser eit underskot på 1500 tonn lammekjøt i år. Dette vil seie 75.000 lam. Med 1,4 lam per søye treng me 53.771 vinterfôra søyer for å dekkje underskotet. Dette tilsvarar 3,5 sau i auke per buskap i dag. Med den investeringslysten og satsinga som me no ser i norsk sauehald, så har eg håp om at me raskt vil nå marknadsbehovet, sa Ove Ommundsen.

Neste artikkel

Krevende å bygge opp med sau nå