Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ole Johan Vierdal ny leiar i Rogaland Bondelag

På årsmøtet i Rogaland Bondelag vart Ole Johan Vierdal frå Vats i Vindafjord kommune samrøystes valt til ny fylkesleiar.

Ole Johan Vierdal er mjølke- og storfekjøtprodusent og slaktegrisprodusent. Han har vore styremedlem i Rogaland Bondelag i eitt år - før han på årsmøtet no tok steget heilt til topps og vart leiar for Norges Bondelags største fylkeslag, med 6350 medlemmar.

Elles har Vierdal mellom anna vore styremedlem og leiar i Vats Bondelag, og leiar for produsentlaget til Tine. Ole Johan Vierdal har også vore aktiv i politikken, og har sete i kommunestyret for Bygdelista i Vindafjord i fire år. Fotballtrenar

Han har dessutan fleire år bak seg som fotballtrenar for laga Grannkam, Etne og Vats, alle i 4. divisjon.

Vierdal har bachelorgrad i økonomi og leiing frå Høgskolen Stord/Haugesund. Arnstein Gilje attvalt som nestleiar

Arnstein Gilje frå Ullandhaug i Stavanger vart attvalt som medlem av styret og som nestleiar.

Stein Pettersen frå Bjerkreim vart attvalt som styremedlem for to år.

Gette Eidesen frå Haugesund vart valt som ny styremedlem for eitt år, i og med at Ole Johan Vierdal vart leiar.

Annonse

Per Inge Egeland frå Årdal var ikkje på val i år.

Som 1. vararepresentant og fast møtande på styremøta vart Lisa Breiland frå Finnøy valt. Ny landbruksmelding

På årsmøtet sto vårens jordbruksforhandlingar og ny landbruksmelding i fokus, og det kom klart fram både i leiaren sin tale og i diskusjonen elles, at staten i år måtte koma med meir budsjettmidlar.

Eit klart krav var også at mjølkeproduksjonen må prioriterast og at det må brukast meir midlar til prisnedskriving av norskprodusert korn til kraftfôr i år.

Vassdirektivet og nye gjødselforskrifter sto òg sentralt som tema under årsmøtet.

Neste artikkel

Per Skorge går fra Bondelaget til Skogeierforbundet