Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Mjølk nådde målpris

Den akkumulerte noteringsprisen for mjølk 2017–2018 enda på 5,41 kroner per liter. Det er likt med målprisen.

Jordbruksavtalens målpriser gjelder normalt for ett avtaleår, vanligvis fra 1. juli - 30. juni. Melk, korn, svinekjøtt, poteter, epler og et utvalg grønnsaker har målpris. (Arkivfoto)

Det vart til saman levert 1 506 milioner liter mjølk frå ku og geit i avtaleåret 2017–2018. Det er 20 millioner liter mindre enn i avtaleåret 2016–2017, skriv Landbruksdirektoratet.

Akkumulerte noteringspris i perioden enda på 5,41 kroner per liter. Det er akkurat likt med målprisen.

Målprisene skal være priser som jordbruket reelt sett skal kunne oppnå ut fra balanserte markedsforhold, importvernet og de markeds­reguleringene som er til disposisjon.

Dessuten vil prisfastsettelsen gjennom målprissystemet være et hovedvirkemiddel for å regulere markedene for jordbruksvarer.

Langt under på gris

Annonse

Mykje svinekjøt i marknaden gjorde det vanskeleg å ta ut målprisen. Den akkumulerte noteringsprisen for 2017–2018 enda 83 øre under målprisen på 32,43 kroner per kilo.

Det var overskott i marknaden i starten av avtaleåret, og dette auka i løpet av perioden.

Under målprisen på kveit og bygg

Kveite, bygg og oljefrø enda opp med ein akkumulert noteringspris som var eitt øre per kg lågare enn målprisen.

For havre vart målprisen oppnådd, medan det vart ei overnotering på eitt øre per kg for rug.

Produksjonen av korn og oljefrø gjekk ned ein prosent frå 2016–2017, men var samstundes ni prosent høgare enn gjennomsnittet for dei siste ti åra. Andelen matkveite var 34 prosent lågare enn året før.

Neste artikkel

EU har 237 000 tonn melkepulver på lager