Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Må stoppa prisrallyet 
på mjølkekvotar

Mjølebonde Bjørn Friestad er sterkt bekymra over utviklinga.

Mjølkeprodusent Bjørn Friestad er sterkt bekymra over utviklinga og oppmodar næringa til å snarast finna verktøy som kan bremsa prisrallyet.

I Rogaland har det siste månadane blitt omsett mjølkekvotar til meir enn 16 kroner literen, medan det har blitt inngått leigeavtalar på opp mot 1,50 per liter.

Prispress fleire stadar

– I Trøndelag og på Sørlandet er det også prispress på mjølkekvotar med alt for høge prisar, eg torer mest ikkje tenkja på korleis dette skal enda, seier Bjørn Friestad.

Bonden driv med mjølkeproduksjon på Friestad i Hå med ein mjølkekvote på 700.000 liter. Fram til januar i år, var garden hans del av ei samdrift. No er samdriftsetableringa oppløyst, og Friestad leiger i staden kring halvparten av kvoten.

– Til ein akseptabel pris, strekar han under.

Kvoter på dagsorden

Friestad er for veteran å rekna innan bondeyrket. Den engasjerte og fritalande 61-åringen bygde nytt mjølkefjøs for 15 år sidan, og har kjent næringa frå innsida gjennom heile bondekarrieren. No er han leiar av Vigrestad og Ogna produsentlag og vel kjent med samvirkeverksemda Tine, han lovar å bidra til at kvoteprisutviklinga kjem på dagsorden i organisasjonen framover.

– I september blir det regionsamling i Kvinesdal, då blir kvoteprisane garantert eit tema, seier han.

Bonden held fram at dei gode løysingane på utfordringane med kvoteprisane førebels ikkje er til stades, men han understrekar at det snarast må på plass grep som stoppar ei utvikling som han meiner er fullstendig uakseptabel.

Ikkje økonomisk haldbart

– Prisane er dobla og tredobla i høve til nivået for få år sidan. Det blir rett og slett ikkje økonomisk mogleg å handtera så høge kvoteprisar.

Kva er årsaka til dei høge prisane?

– Fleire ting, trur eg. Me har jo fått ei oppjustering av kvotetaket, og ei jamstilling mellom samdriftskvoter og enkeltkvoter, på 900.000 liter. I tillegg er det slik at samdriftene no også har høve til å leige kvotar.

Mjølkeprodusentar med nyare driftsapparat og ledig kapasitet kan få økonomien til å gå i hop, sjølv med ein høg leigepris. Nye mjølkedriftsbygningar med stor kapasitet under oppføring bidreg også til prispresset, meiner Bjørn Friestad.

Prisdrivande innovasjonsmidlar

Annonse

– Det er oftast slik at utgangspunktet i byggeprosessen er ein eksisterande mjølkekvote som blir rekna til å vera for liten. Dermed må bonden ut i marknaden for å sikra seg eit driftsgrunnlag for å forsvara nybygget. Dessverre til ein kvotepris som i mange tilfelle er alt for høg.

Bjørn Friestad trur også at Innovasjon Norge midlane som blir tilført byggeprosjekta er med på å driva kvoteprisane oppover.

– Tilskota blir nok ytt i beste meining, men slik det fungerer no, med Innovasjon Norge sine krav til driftsomfang for å vera med på å finansiera prosjekta, fryktar eg at statlige midlar også bidreg til eit prisnivå på mjølkekvotane som er alt for høgt.

Hå-bonden vil finna moglege løysingar. Han finn ikkje svara åleine.

Treng idédugnad

– Me treng å koma saman til ein slags idédugnad og starta ein prosess som gjer det mogleg å driva med mjølkeproduksjon utan å måtta betala skjorta for denne retten. Det blir rett og slett meiningslaust å måtta punga ut millionar av kroner i leige til dei som har valt å gå ut av næringa og samstundes fjerna det økonomiske grunnlaget for dei som vil satsa.

Bonden oppmodar no næringa til å ta diskusjonen på alvor. Det kan gjera vondt på fleire måtar, men det er heilt naudsynt, meiner han.

Makstid på utleige

– Eg trur me blir nøgde til å ta i bruk ei form for friviljug regulering. Kanskje me må våga å stilla spørsmål om det skulle vore ei maksgrense på fem år for utleige av mjølkekvote. Når perioden er ute, må utleigar velja om han eller ho vil ta opp att produksjonen på eige bruk, eller la kvoten gå til utdeling til aktive bruk. Det kan ikkje vera slik at ein mjølkekvote kan leigast ut gjennom generasjonar.

Dei aktive bruka bør eiga mjølkekvotane, meiner Bjørn Friestad, og oppmodar til engasjement framover.

– Dagens praksis, med ei knalltøff finansiering av både bygging og kjøp eller leige av mjølkekvotar til alt for høge prisar, blir for brutal, og er håplaus og lite framtidsretta.

Les mer: Derfor øker prisene på private melkekvoter

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag