Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Leverer både grindbygg og biff

Bonde, slaktar og sagbrukssjef Lars Ingvald Folkedal (37) er lite på Facebook og går tidleg til sengs. Det er lett å forstå.

Slakteriet på garden vart opna i 2016. – Med eige slakteri blir det meir verdiskaping på tunet. I tillegg har eg og Astrid utdanning og erfaring som slaktar og kokk. Det gir oss godt grunnlag for å sikra kvalitet heile vegen, seier Lars Ingvald Folkedal.

Ein kan merke det allereie når ein helser på Lars Ingvald Folkedal i gards­tunet. Det oser energi og arbeidsglede av 37-åringen i Folkedal.

Ein journalist på besøk betyr nokre timar med avbrot. Ikkje optimalt for den travle bonden, vil eg tru.

– Det går bra med ein prat no, for Astrid kan køyra Trym på fotballkamp, seier Lars Ingvald.

Det blir mykje køyring, fordi Folkedal ligg i Granvin herad, ca. ti kilometer frå kommunesenteret. Her ligg skulen, butikkar og fotballbanen.

Astrid Lien Folkedal og Lars Ingvald Folkedal har tre søner, Isak (14), Jonas (12) og Trym (8). Transport til fotball og anna er ein fast del av kvardagen deira. Astrid, som er frå Voss, er utdanna kokk og arbeider som kjøkkensjef ved alders- og sjukeheimen i Granvin.

– Eg er veldig glad for å ha jobben på heimen. Eg får praktisert yrket mitt, og det er godt å ha noko utanfor garden, seier Astrid.

Dei to har god hjelp i foreldra til Lars Ingvald, Gunnar Ingvaldson Folkedal og Synnøve Folkedal.

Sju år i Nordsjøen

Paret overtok garden i 2013 etter foreldra hans. Men då hadde Lars Ingvald, som leigde eit nabobruk, og faren drive mjølkesamdrift sidan 1999.

No har dei mjølkekyr, ammekyr og slaktegris på garden. Dei har drive økologisk i nesten ti år, men har lagt om mjølkekyrne til konvensjonell drift, medan produksjon av ammekyr og mellomkalv framleis skal vera økologisk.

Kalvar og kyr går på sommarbeite i fjell­områda mot Voss, frå tidleg i mai til oktober/november. Flokken med ammekyr består av blandingsdyr, blant anna hereford, NRF, dølafe og skotsk høglandsfe.

– Eg bestemte meg tidleg for å bli bonde i Folkedal, men så ville eg bli slaktar òg. Derfor tok eg utdanning som slaktar på Voss og i Ølen. Eg tenkte det var ein fin kombinasjon – slaktar og bonde, seier Lars Ingvald.

Han kombinerte dei to yrka fram til 2005. Då vart Gilde Vest sitt slakteri i Granvin lagd ned.

– Eg fekk med meg ein sluttpakke frå slakteriet og tok fleire offshorekurs, blant anna i boreteknikk og tryggleik. Dermed vart neste stopp Nordsjøen og boreplattform fram til 2012. Eg kombinerte oljejobben med å vera bonde i Folkedal, men etter kvart vart det vanskeleg å vera så mykje vekke frå garden, seier han.

Opna slakteri i 2016

Annonse

Slakteriet på garden vart opna i 2016. Før det hadde Lars ingvald leigd eit slakteri på Voss når han skulle slakta eigne dyr. Slakteriet er godkjent for storfe, småfe og gris.

– Med eige slakteri blir det meir verdiskaping på tunet. I tillegg har me utdanning og erfaring som slaktar og kokk, og det gir oss godt grunnlag for å sikra kvalitet heile vegen, meiner dei to.

Lars Ingvald har bygd slakteriet sjølv. Plater og kjøleanlegg er levert av KV Teknikk, og slakteutstyr av Janco. Tømmeret har han og faren henta i eigen skog, og alt materiale er skoren på eiga sag.

– Eg har stor interesse for slaktarfaget, og me er godt nøgde med slakteriet. Det er fem meter høgt for å kunne slakta storfe. Me slaktar og foredlar nesten alle slaktedyra på garden, og i tillegg har me ein god del leigeslakting og skjering for andre, blant anna mykje hjort. I 2017 gjekk det til saman 10 tonn kjøt gjennom slakteriet, og av dette var ca. fire tonn leigeslakt, seier Lars Ingvald.

Dei to lagar både pølser og farseprodukt sjølve, i tillegg til strykningsdelar. Varene blir selde i gardsbutikken, i tillegg til butikkar i Granvin, Bergen, Kvam og på Voss.

I gardsbutikken sel dei òg most og krydder, og honning frå Folkedal om hausten.

Mange faste kundar

– Me har veldig mange faste kundar. Det er dei beste kundane våre, og ein del vil også ha halve skrottar, fortel dei to.

Slakteriet vart realisert med lån i den lokale banken og støtte frå Innovasjon Norge. Dei to fekk i tillegg eit eige etablerarstipend frå Innovasjon Norge i samband med slakteriet, og tilskot til gamleløa for å ha ungdyr i denne.

– Men nøkkelen her er eigeninnsatsen for å halda kontroll på gjeldsbyrda. Det er utearbeidet eg likar best. Slakteriet har generert mykje papirarbeid. Det vart meir krevjande enn eg trudde. Dialogen med Mattilsynet under bygginga var veldig bra, seier Folkedal-bonden.

Leverer ferdige grindbygg

Når det ikkje er slakting, mjølking eller fotballtrening med gutane, er Lars Ingvald ofte på plass i sagbruket. Her står ei Mebor-sag som kan ta store dimensjonar. Dei har òg bygd varmeanlegg som varmar opp fleire av bygningane på tunet.

Ideen til eige sagbruk dukka opp då han og faren bygde grindbygg for all veden dei produserer og lagrar. Noko vedvirke tar dei ut i eigen skog, medan mykje vert kjøpt inn gjennom Vestskog/Nortømmer.

Grindverksbygget har lange tradisjonar på Vestlandet. Byggemetoden vart nytta i løer, utmarksbygningar og naust heilt fram til midten av 1900-talet. Ytterkledninga varierer frå distrikt til distrikt.

– Eg er veldig glad i grindbygg som byggemetode. Bygga er solide og praktiske, og ein står fritt til å innreia dei etterpå. Me hadde hjelp då me sat opp vedbygget og lærte om metoden. Det er veldig moro og flott at grindbygg som byggemetode framleis er aktuell. I sommar skal eg reisa opp ei grindverksløe i Eidfjord, seier han.

Les heile saka om Astrid og Lars Ingvald i Larsastova i Bondebladet nummer 22.

Neste artikkel

Økouka er i gang