Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

KrF i ny nøkkelrolle

Det har snart gått fire år sidan Sylvi Listhaug (Frp) blei utnemnd til landbruks- og matminister i Erna Solberg si regjering. Mange i landbruket meinte det var det verste som kunne skje, og det har ikkje vore støyfritt med Listhaug og Dale ved roret.

Men det har skjedd noko med både Høgre og Frp når det gjeld landbruk sidan 2013, i alle fall dersom vi skal tru på ei undersøking som AgriAnalyse gjorde blant 500 potensielle stortingspolitikarar før valet.

Støtta for å halde oppe landbruket i minst same omfang som i dag, har auka sterkt i begge partia. Frå 67 til 91 prosentpoeng i Høgre, og frå 44 til 88 prosentpoeng i Frp. Det finst sikkert fleire grunnar som kan forklare denne snuoperasjonen, og vi får håpe at kunnskap om verdien av norsk matproduksjon er det som betyr mest.

Men om støtta til landbruket har auka i Høgre og Frp, står resepten deira for korleis dette skal gjerast i sterk kontrast til politikarar frå Ap, Sp, SV og KrF.

Dei raudgrøne og KrF har blitt enno sikrare på at dei vil ha små og mellomstore bruk over heile landet, medan Høgre og Frp har blitt enno sikrare på at landbruket bør sentraliserast på større bruk i delar av landet.

Annonse

Det verkar klart at regjeringa Solberg II vil få det tøffare enn Solberg I. Utan ein avtale kan samarbeidet mellom dei fire partia bli mindre forpliktande. Og mens Solberg før klarte seg med støtte frå berre eitt av partia for å få fleirtal, treng Solberg no støtte frå begge partia.

No er dei landbrukspolitiske talspersonane i både KrF og Venstre ute av Stortinget. Nye personar skal få dette ansvaret, og det er mange viktige sider ved norsk landbruk å setje seg inn i. Mange i landbruket og internt i partiet ber KrF å prioritere næringskomiteen på Stortinget.

Med KrF i vippeposisjon kan partiet gjere meir for å endre jordbrukspolitikken. Skal aktivt landbruk i heile landet vere meir enn ein floskel, må økonomien på små og mellomstore bruk styrkast.

Neste artikkel

Inviterte politikarane på frukost