Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Kjøparmakt i daglegvarekjedene

Daglegvarekjedene omset for 160 milliardar i året. Det fører innkjøpssjefane høgt opp på lista over dei mektigaste i jordbruket.

Øyvind Andersen, konserndirektør for innkjøp i Norgesgruppen.

I desse dagar er daglegvarekjedene ferdige med årets forhandlingar med leverandørane. Hovudansvarleg for forhandlingane er innkjøpsdirektørane i dei ulike matkjedene.

Det gir dei makt til å avgjera kva du og eg får kjøpe av varer i butikkane, og kva leverandørar som skal inn i hyllene.

Konserndirektør for innkjøp i Norgesgruppen, Øyvind Andersen, seier Norgesgruppen har makt, men at det er feil å fokusere på han som enkeltperson.

– Makta blir forvalta av ei rekkje veldig flinke menneske. Det er eit samspel mellom menneske med god kunnskap om dei enkelte varegruppene, kvar enkelt kjede, og ei rekkje kjøpmenn og butikksjefar som kjenner kundane sine godt, seier Andersen.

– Jobben min er å ha det overordna ansvaret, sikre at me har dei rette menneska, vera ein god sparringspartnar, og sikre at samspelet fungerer, seier Andersen.

Her kan du sjå namna som er kunngjort så langt.

Moglegheiter, ikkje makt

Innkjøpsdirektør Tor Helge Gundersen i Coop Norge seier eit konkurransedyktig og berekraftig norsk landbruk er viktig for Coop.

– Eg ser ikkje på det som makt, men meir som moglegheit til å kunne påverke at norsk landbruk utviklar seg i rett retning. Difor er me opptekne av å bidra til innovasjon, auka effektivitet og høg kvalitet gjennom eit tett samarbeid med Norgrønt på frukt og grønt, og med bondesamvirket og norske bønder for øvrig innan kjøtt og meieriprodukt, seier han.

– Vårt kanskje viktigaste bidrag er at Coop sine butikkar har størst andel norskproduserte landbruksvarer av daglegvareaktørane, seier Gundersen.

Andersen seier Norgesgruppen bruker makta si til å prøve å få utvikla eit mest mogleg spennande sortiment.

"Styreleiarar eller konsernsjefar har ikkje operativ makt i same forstand som innkjøpssjefane."

Reidar Almås
Annonse

– Eg tykkjer vareutvalet innanfor lokalmat, fisk og sjømat og Kyllinggården er gode døme på at me kan få til endringar som gir forbrukarane betre utval. Det ha skjedd gjennom samspel med leverandørane, seier han.

Tettare samarbeid

Andersen seier Norgesgruppen framover vil samarbeide tettare med leverandørane.

– Innanfor jordbruket ser me gjerne at bøndene er involverte. Det vil bidra til utvikling av det sortimentet me tilbyr forbrukarane, seier han.

– Me har ansvaret for å leggje til rette slik at butikkane våre kan tilby forbrukar eit godt vareutval. Vår jobb er å forstå forbrukaren, og samstundes ha eit godt samspel med leverandørane våre – både dei store norske og internasjonale. Me skal også bidra til at lokalmat og spesialitetar kjem inn i hyllene. Innanfor lokalmatområdet tykkjer eg det har skjedd mykje spennande dei siste åra, seier Andersen.

Har innkjøpsmakt

Leiar av juryen, professor Reidar Almås, seier årsaka til at innkjøpsdirektørane står så høgt på lista er innkjøpsmakta deira.

– Om til dømes Coop ikkje kjøper eit produkt frå Nortura, så vil ikkje bonden som produserer kjøttet eller Nortura sine anlegg som foredlar kjøttet få omsett varene uansett kor gode dei er.

Han seier systemmakta ligg i dagens innkjøpssystem.

– Styreleiarar eller konsernsjefar har ikkje operativ makt i same forstand som innkjøpssjefane. Når me legg saman makta til innkjøpssjefane i Coop, Norgesgruppen og Rema 1000 overstig det makta til eigarar som Johannson-familien og Reitan-familien. Dei tre representerer den operative kjedemakta som berre for 20 år sidan var utenkjeleg, seier Almås.

Neste artikkel

Coop lanserer egg fra utegående høner