Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inntektsvekst med bismak

Publisert: 08.12.16 09:44

Inntektene til bøndene auka kraftig i 2015. Fjoråret var eit svært godt kornår, med store avlingar og fine innhaustingsforhold. I tillegg opplevde svinebøndene ein marknad i balanse og aukande prisar.

Tal frå Nibio viser at inntekta for bonden, målt i form av vederlag for arbeid og eigenkapital per årsverk, auka med 37 500 kroner i snitt for 2015. Veksten frå 2014 er på nær 13 prosent.

Samla kom bøndene ut med 326 800 kroner i gjennomsnittleg inntekt per årsverk for innsatsen i jordbruksdrifta.

Gode avlingar, mykje på grunn av godt vêr, og gunstige marknadsforhold innanfor fleire produksjonar og regionar, forklarar ein stor del av inntektsveksten, seier prosjektleiar Torbjørn Haukås i Nibio.

For mange kornbønder på Austlandet var dei gode avlingsåra 2014 og 2015 etterlengta, etter eit dårleg år i 2013. La oss håpa det blir fleire slike avlingsår.

Inntektsveksten for jordbruket er positiv, det skaper optimisme og framtidstru. Men tala viser også andre klare trendar: Store bruk er vinnarane, medan mindre bruk står omtrent i ro inntektsmessig. Bønder med meir enn 300 mål jord hadde i snitt ein inntektsvekst på godt over 50 000 kroner per årsverk, ein auke på rundt 17 prosent.

Størst nedgang var det for bøndene som driv mellom 50 og 100 mål. For denne gruppa gjekk inntekta i snitt ned med 97 700 kroner i 2015, nær 30 prosent nedgang frå året før.

Tala er delvis eit resultat av jordbruksoppgjeret i 2014, med store omfordelingar frå små til dei aller største bruka, og oppgjeret i 2015. Dei beste områda og dei største bruka kjem best ut. Område med mindre bruk og vanskelege driftsforhold taper terreng.

Utviklinga sikrar ikkje eit jordbruk over heile landet. Når vi veit at det norske folk vil ha trygg mat og levande bygder, må regjeringa føre ein landbrukspolitikk som sikrar akkurat dette. Tør vi håpe at den nye landbruksmeldinga fører oss i denne retninga? •



VELKOMMEN TIL DEBATT PÅ BONDEBLADET.NO

Les våre debattregler her.
comments powered by Disqus
Annonse