Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Inntektsauke på 10 prosent i jordbruket

Gjennomsnittleg næringsinntekt på 192 000 kroner i 2015.

Karl Erik Berge
Publisert: 14.02.17 14:12 | Oppdatert: 14.02.17 14:36

Gardbrukarar hadde ei gjennomsnittleg næringsinntekt frå jordbruk på 192 000 kroner i 2015. Det svarar til ein auke på 10 prosent frå året før, melder Statistisk sentralbyrå.

Gode vekstforhold i store delar av landet var ein av grunnane til auken i inntektene frå 2014 til 2015. Svin- og fjørfebønder hadde den største inntekstauken – med ei gjennomsnittleg jordbruksinntekt på 470 000 kroner.

Les meir: Inntektsvekst med bismak

Driftsformene kombinert storfe mjølk/kjøttproduksjon og blanda husdyrhald hadde også over 400 000 kroner i jordbruksinntekt.

Tilsvarande tal for driftsformene korn og sau var til samanlikning 106 000 og 91 000 kroner.

3 av 4 brukarar med driftsformene kombinert storfe mjølk/kjøttproduksjon og storfe mjølkeproduksjon hadde jordbruket som viktigaste inntektskjelde. Berre 8 prosent av kornprodusentane og 14 prosent av brukarane med sau hadde jordbruket som hovudinntektskjelde.

I 2015 hadde gardbrukarane ei samla gjeld på 78,7 milliardar kroner, som svarar til 2.0 millionar kroner per gardbrukar. Dette er ein auke på 5 prosent per bonde frå året før.

Jordbruksbedriftene varierer mykje i størrelse og produksjon, og omfattar alt frå hobbyprega produksjon til bedrifter med millionomsetning.

Det er ei viktig årsak til variasjonen i næringsinntekter og gjeld.



Annonse