Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Ingen lisensjakt på ulv i Sverige

Det blir ingen lisensjakt på ulv i Sverige neste vinter. Naturvårdsverket har sagt nei på grunn av minkande ulvestamme.

Sist vinter gjekk bestanden av ulv i Sverige ned frå 355 til 305 individ. Foto: Volodymyr Burdyak, Colourbox

Den svenske ulvestamma har gått ned dei tre siste åra i Sverige. Sist vinter gjekk bestanden ned frå 355 til 305 ulvar. Naturvårdsverket har tidlegare bestemt at det må vere minst 300 ulvar for at arten skal oppnå “gynnsam bevarandestatus”. Det vil seie den tilstand som skal vere for ein art for at han skal kunne overleve på lang sikt, skriv atl.nu.

Annonse

Med berre nokre få individ over denne grensa, meiner Naturvårdsverket at det ikkje finns rom for noko anna enn kvotejakt.

– Vi innfinn oss etter dei nye føresetnadene som ei minkande ulvestamme inneber. Med grunnlag i vitskapelege rapportar frå to forskargrupper, som Naturvårdsverket la fram for regjeringa 2015, trengst det minst 300 ulvar for at ulven i Sverige skal ha bærekraftig bevaringsstatus. Detta blei også slått fast i ein dom om lisensjakt i Høgste forvaltningsdomstolen i 2016, og det er kva vi må innrette oss etter, seier Marcus Öhman, sjef for Viltforvaltninseininga i Naturvårdsverket

Neste artikkel

Stjal høy fra svensk bonde