Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

– Frihandel gir ikke frie bønder

Landbruket kan berre overleve med tollvern, fastslår sveitsisk professor.

Forsvarar tollvern: – Landbruket kan berre overleve med støtte og tollvern, konkluderte økonomiprofessor Mathias Binswanger under eit seminar på WTOs offentliege forum nyleg. (Foto: Hildegunn Gjengedal/Norges Bondelag)

– Frihandel gir ikkje frie bønder, men frigjer i staden eit land frå bøndene sine.

Slik konkluderte den sveitsiske økonomiprofessoren Mathias Binswanger under eit seminar på WTOs offentlege forum, arrangert av Norges Bondelag i samarbeid med sveitsiske og kanadiske bønder.

Binswanger peika på at bøndene har lite makt i verdikjeden for mat, og at etterspurnaden etter mat er lite elastisk. Dess meir effektive bøndene er, dess meir fell prisen. Det blir også skild lite på kvalitet i dei fleste matvarer.

– Bøndene sel det meste av sine produkt til matvareindustrien eller daglegvarehandelen. Mange små seljarar (bøndene) av homogene produkt forheld seg til få store kjøparar. Difor er makta hjå kjøpar. Etterspurnaden er i tillegg lite elastisk. Mat må ein ha, så ein kjøper mat uansett pris, forklarte Binswanger.

Les også: – Trump kan velte TTIP

Les også: – Vi kan ikke bygge en frihandelspolitikk på én næring

Treng støtte og tollvern

Binswanger konkluderte med at ein må gi støtte og tollvern for å oppretthalde landbruk i mange land. Han brukte sitt eige heimland som døme:

Annonse

– Følgjer ein prinsippet om komparative fortrinn ville Sveits måtte gi opp det meste av sitt landbruk. Sjølv om bøndene blir mykje meir produktive, kan dei aldri konkurrere på verdsmarknaden. Landbruket kan berre overleve med støtte og tollvern, konkluderte Binswanger.

Nestleiar Bjørn Gimming i Norges Bondelag sat også i panelet under debatten. Han peika på at det er risikabelt å satse på produksjon i nokre få område i verda viss ein skal brødfø 10 mrd menneske i 2050 i eit skiftande klima:

– WTO-regelverket må ikkje hindre matproduksjon i marginale område. Skal vi brødfø eit veksande folketal i endra klimatiske forhold må vi ha produksjon i alle land, sa Gimming.

Les heile saken her

Les også: Dale taus om Noregs posisjon etter Brexit

Neste artikkel

Innovasjon Norge prioriterer ikke korntørker i Trøndelag