Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse
Annonse

Formidlingspris til Røros Rein

Røros Rein er kåra til Årets reinkjøttformidler 2016.

Karl Erik Berge
Publisert: 07.02.17 16:02

Juryen har lagt vekt på bedrifta si evne og innsats for å få fram historia bak kjøtet, skriv Landbruks- og matdepartementet på sine nettsider.

– Eg vonar prisen motiverer og inspirerer til framleis innsats i utviklinga av verksemda, seier Landbruks- og matminister Jon Georg Dale.

Les meir: God jaktmoral under årets villreinjakt

Juryen, som har bestått av Jon Georg Dale, Ellinor Jåma, leiar i Norske Reindriftsamers Landsforbund (NRL) og John Anders Lifjell, leiar av Markedsutvalget, poengterer at årets reinkjøttformidlar sjølv tar ansvar for reinen på fjellet, i tillegg til slakting og vidareforedling.

Det gjer at historia om produkta blir ekte og truverdig, skriv juryen og legg særleg vekt på bedrifta si evne til å gi av seg sjølv, uansett om det er i tv-ruta eller i samarbeid med andre.

«Bedriften har vært gode på å gi sine gjester autentiske og ekte opplevelser. Dette gjør at de som har kommet på besøk selv føler seg som en aktør, ikke bare velkommen som kunde, men og ønsket som menneske», skriv dei.

Det vart også delt ut fleire prisar på Tråante 2017:

•Årets unge reindriftsutøver blei Inga Biret Marja Triumf frå Kautokeino

•Reinsdyrkokken 2017 blei Svein Jæger Hansen

•Årets reinkjøttprodukt blei Suovas frå Arctic Rein & Vilt, Mo i Rana.

Les meir: Nostalgitur med kulinariske kunster



VELKOMMEN TIL DEBATT PÅ BONDEBLADET.NO

Les våre debattregler her.
comments powered by Disqus
Annonse
Annonse
Annonse